Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:1792 (2017-2018)
Innlevert: 11.06.2018
Sendt: 11.06.2018
Besvart: 13.06.2018 av finansminister Siv Jensen

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): I Finanstilsynet sin rapport "Finansielt utsyn" som blei lagt fram 6.juni, fortel tilsynet om at fleire aktørar ikkje etterlever retningslinjene for bankar som tilbyr forbrukslån.
Vil regjeringa stramme inn overfor desse aktørane, gjennom å gjere retningslinjene om til ei forskrift, med strengare sanksjonsmoglegheiter enn i dag?

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Regjeringa følgjer marknaden for forbrukslån tett, og har allereie innført ei rekke innstrammingar som har påverknad på framferda til aktørar som tilbyr slike lån. Mellom anna har vi gitt strengare krav til marknadsføring av kreditt og fakturering av kredittkortgjeld. Lovendringar vedteke av Stortinget i mars i år gjer at det frå neste år blir dyrare for forbrukslånsbankane å vere omfatta av innskotsgarantien. I tillegg arbeidar regjeringa med å få på plass gjeldsinformasjonsføretak, som vil gi bankar betre informasjon om lånesøkarar si usikra gjeld. I høyringa om ny finansavtalelov blei det lagt opp til fleire forslag som vil styrke forbrukarvernet.
Finanstilsynet sine retningslinjer for forsvarleg utlånspraksis av forbrukslån utfyller desse tiltaka. Finanstilsynet opplyser i rundskriv 5/2017 at bankane si etterleving av retningslinjene vil vere ein del av grunnlaget for risikovurderinga og fastsettinga av individuelle kapitalkrav under pilar 2. Finanstilsynet har det siste året òg fastsett høgare individuelle kapitalkrav for fleire av forbrukslånsbankane på grunn av for lite differensiert verksemd. Desse krava inneber at slike bankar må halde meir eigenkapital for eit gitt utlånsvolum, noko som bidreg til å auke den tapsberande evna til bankane. Tilleggskrava kan og auke kostnadane ved rask ekspansjon dersom bankane må hente inn eigenkapital frå eigarane eller aksjemarknaden.
Eg har registrert at Finanstilsynet rapporterer at fleire bankar ikkje etterlev retningslinjene, og eg forventar at desse tilpassar seg i løpet av kort tid. Finanstilsynet varslar at bankane si etterleving av retningslinjene vil følgjast opp vidare mellom anna gjennom stadlege tilsyn og særskild oppfølging av einskildføretak.
Dersom det, mot det ein skulle vente, viser seg at fleire ikkje følgjer Finanstilsynet sine retningslinjer, kan det bli aktuelt å vurdere om retningslinjene bør gis som bindande krav i forskrift. I neste finansmarknadsmelding vil regjeringa kome med ei oppdatert vurdering av situasjonen på forbrukslånsmarknaden og behovet for tiltak.