Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:1820 (2017-2018)
Innlevert: 13.06.2018
Sendt: 13.06.2018
Besvart: 19.06.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Har dei amerikanske P-8-flya med luftvern til Andøya?

Begrunnelse

Då stortingsfleirtalet vedtok å leggje ned Andøya flystasjon var spørsmålet om luftvern eit viktig argument. Dei amerikanske P-8-flya som no kjem til Andøya vil truleg bli verande i mange år, jf. innlegg frå stortingsrepresentant Hårek Elvenes i Nordnorsk debatt.no. Det er difor interessant å vite om dei amerikanske flya har med eige luftvern.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg viser til brev frå Stortingets president av 13. juni 2018 med spørsmål frå stortings-representant Liv Signe Navarsete om dei amerikanske P-8 flya som er på Andøya har med seg luftvern. Grunngjevinga er knytt til at luftvern var eit viktig argument ved handsaminga av vedtak kring nedlegging av Andøya flystasjon.
Dei amerikanske P-8 flya som vitjar Andøya har ikkje teke med seg luftvern. Som eg skriv i svar på spørsmålet ditt av 7. juni 2018, er dei amerikanske P-8-flya berre mellombels i Noreg og opererer då naturleg ut frå vår nasjonale MPA-base. Dei skal ikkje bli verande i mange år, men samarbeider med norske P-3 og flyg i samsvar med retningslinjer for alliert verksemd i Noreg. Dette er ein verksemd som går føre seg som del av dagleg drift i fredstid.
Maritime patruljefly er strategiske kapasitetar som vil spele ei viktig rolle for Noreg og våre allierte i fred, krise og væpna konflikt. Det er difor særs viktig at dei kan operere frå basar som kan beskyttast. Luftvern er ein av fleire viktige kapasitetar for å kunne forsvare basar, personell og materiell slik at luftoperasjonar kan gjennomførast ved trugsmål om luftangrep ved høgre nivå av trugslar, i krise og ved væpna konflikt. Det er ei operativ avgjerd ved det enkelte høve, kva kapasitetar som skal takas med når allierte styrkar flyg ut frå norske basar.