Geir Pollestad (Sp): Kva konkret er gjort for å få sendt mullah Krekar ut av landet i dei snart 5 åra sidan FrP overtok ansvaret for justisdepartementet i 2013, og vert det framleis arbeida med saka?
Begrunnelse
Før FrP kom i regjering i 2013 lova dei at mullah Krekar skulle på fyrste fly ut av landet. Sidan den gong har titusenvis av fly teke av frå norske lufthamner med retning utlandet.
Tidlegare svar på skriftlege spørsmål tyder på at innsatsen frå FrP ikkje har vore særleg stor i saka.
I svar på skriftleg spørsmål, Dokument nr. 15:460 (2014-2015), vert det vist til eit lunsjmøte (!) mellom ein statssekretær og den irakiske ambassadøren. Og at tidlegare utenriksminister Brende hadde teke det opp med irakiske myndigheter.
I svar på skriftleg spørsmål (Dokument nr. 15:899 (2016-2017)) vert det nemd at ein avventa ei anmodning om utlevering til Italia. Dette skjedde ikkje.
No har FrP sin fjerde justisminister. Det er ynskjeleg med eit oversyn over alle møter, brev og andre konkrete initiativ som er teke sidan dåverande statsråd Amundsen svarte på skriftleg spørsmål, Dokument nr. 15:931 (2016- 2017) den 7. april 2017.