Karin Andersen (SV): I regjeringsplattforma står det at regjeringa vil få på plass ei tilskotsordning til bygging av kjøkken på sjukeheimar, og dette er også med i den framlagde eldrereformen. Nå vert det varsla at kommunaene ikkje kan søkja på et slikt tilskudd før tidligst 2020. Kommunar som alt er i en utgreiinsfase må dermed utsetja bygginga.
Var utsetjingen en del av regjeringas intensjon, og kan Statsråden koma kommunane, som alt er i gang med dette positive arbeidet som regjeringa ynskjer, i møte?
Begrunnelse
I regjeringsplattforma står det at regjeringa vil få på plass ei tilskotsordning til bygging av kjøkken på sjukeheimar, og dette er også med i den framlagde eldrereformen.
Så er det slik at mange kommunar jobbar med dette, og er i prosessar for å reetablera lokale kjøkken med «kok-server», og gå bort frå innkjøpt vacumert «kok-kjøl mat». Dette er sjølvsagt krevjande investeringsoppgåver for kommunane, og ei tilskotsordning vert særs kjærkomen.
Problemet er at det no vert varsla at dette tilskotet kan ein ikkje søkja på før i 2020. For kommunar som alt er i ein utgreiingsfase vil dette kunne utsetja bygging av kjøkken.