Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1885 (2017-2018)
Innlevert: 20.06.2018
Sendt: 20.06.2018
Besvart: 02.07.2018 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kva vil det koste å doble antall flyavgangar og halvere prisene på kortbanenettet (FOT-rutene)?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: I statsbudsjettet for 2018 er det satt av 729,1 mill. kr til kjøp av innanlandske flyruter. Om ei dobling av talet på avgangar vil koste dobbelt så mykje som dagens kjøp er usikkert. Dei samla kostnadane for eit gitt ruteopplegg er avhengig av mange variablar som tilgjengeleg materiell, stordriftsfordelar, driftskostnadar, ruteføring, rutetidskrav, prissensitivitet hos dei reisande etc. Dette gjer det utfordrande å fastslå forventa tilskotsbehov sjølv ved mindre endringar i FOT-kriteria.
For eksempel er flytypen som i dag betener FOT-rutene ikkje enkel å få tak i, og i marknaden regner man med at det er behov for store nyinvesteringar for å erstatte dagens flåte i løpet av 2020-tallet. Eit statleg kjøp som doblar talet FOT-ruter vil dermed kunne krevje store kapitalinvesteringar og ein høg pris på FOT-anbodet, eventuelt vil det medføre at eksisterande kommersielle flyruter mister deler av sitt tilbod for å møte økt statleg etterspørsel på FOT-ruter. I så fall ender man opp med å flytte avgangar frå der det er stor etterspørsel til områder med lågare etterspørsel.
Samtidig leverer Widerøe i dag på mange FOT-ruter fleire avgangar enn det som ligger i minimumskrava frå staten. Man kan derfor oppleve at talet på ruter knapt aukar sjølv om staten doblar krava, men staten si betaling for flyrutene går markert opp. I tillegg kan ei dobling av krava løysast med fleire avgangar med delt kapasitet (mellomlanding). Ei dobling av krava til avgangar vil likevel innebere ei vesentleg auke i setekapasitet og ressursbehov, men den eksakte effekten er ikkje mogleg å anslå.
Samferdselsdepartementet fastsetter i dag krav til samla setekapasitet som på dei fleste rutene gir eit gjennomsnittleg belegg på 60 prosent. I Finnmark ligger belegget på nærmare 40 prosent. Dette er vesentlig lågare enn det som er vanleg for kommersielle operasjonar.
Viss vi for å gjera det enklare legger til grunn at ei dobling av talet på avgangar tilseier ei dobling av samla setekapasitet, vil det gjennomsnittlege belegget, gitt same talet på passasjerar, gi eit belegg på 20-30 prosent.
Når det gjeld billettprisane, vil ein halvering av maksimaltakstane medføre ein lågare reduksjon i dei gjennomsnittlige billettprisene enn dette, sidan gjennomsnittlig billettpris ligger lågare enn maksimaltakstane. Passasjertalet vil auke, men ikkje tilstrekkeleg til å dekke dei lågare billettinntektene per passasjer. Staten sine utgifter vil auke, men det er ikkje mogleg å seie med kor mykje.
I forkant av dei to siste konkurransane om flyruter i Nord-Noreg og Sør-Noreg har departementet innhenta større eksterne utgreianger tidleg i kjøpsprosessen. Ei vurdering av ein mogleg dobling av talet avgangar og ei halvering av billettprisane måtte i så fall vurderast på same måte viss ein skal kunne gi eit truverdig anslag på kva dette vil koste.