Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1939 (2017-2018) Innlevert: 26.06.2018 Sendt: 27.06.2018 Besvart: 03.07.2018 av kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner
Marit Knutsdatter Strand (Sp): Norsk senter for forskingsdata (NSD) er eit AS eigd av Kunnskapsdepartementet (KD). Det siste året har fleire tilsette varsla om dei psykososiale arbeidsforholda. Arbeidstilsynet har ført tilsyn, og kome med pålegg. Stillinga som administrerande direktør har vorte lyst ut, men tilsetjingsprosessen er stoppa. Korleis skjøttar KD sitt eigarskap, i kva grad kjennar KD til varslar og pålegg, og korleis jobbar KD for å sikre eit forsvarleg arbeidsmiljø i NSD?
Jan Tore Sanner: Spørsmålet er stila til kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner, men pga. ansvarsfordelinga i Kunnskapsdepartementet er det forskings- og høgre utdanningsministeren som svarar. Kunnskapsdepartementet si eigarskapsutøvingKunnskapsdepartementet følgjer opp eigarskapet i NSD - Norsk senter for forskningsdata AS (NSD) i tråd med staten sine prinsipp for godt eigarskap, jf. Meld. St. 27 (2013-2014) (eigarskapsmeldinga). Det er sentralt at staten si eigarstyring blir utøvd i generalforsamlinga og med aksept for rolledelinga i selskapslovgivinga. Styret har det overordna ansvaret for forvaltninga av selskapet og skal mellom anna vareta ein uavhengig kontrollfunksjon overfor leiinga av selskapet på vegner av eigarane. Varsel om arbeidsmiljøet ved NSD og oppfølging av dette Kunnskapsdepartementet har motteke ei melding om varsel om arbeidsmiljøet ved NSD. I meldinga blir det forventa mellom anna at styret for NSD behandlar varsel som er fremma til styret, og at styret er med på å leggje eit løp for vidare oppfølging. Det blir også forventa at Kunnskapsdepartementet sørgjer for oppfølging overfor styret. I brev til NSD ved styreleiar viste departementet bl.a. til at: "De som har varslet har ønsket å informere departementet om saken. De forventer at styret for NSD behandler varslet forsvarlig, og at saken blir tatt tak i omgående. Videre forventer de at departementet følger opp sitt eieransvar og sørger for at NSD iverksetter nødvendige og umiddelbare tiltak.Departementets eierskap i NSD utøves i tråd med rolledelingen mellom eier, styre og administrasjon. Vi viser til arbeidsmiljølovens krav til arbeidsmiljøet, og at styret har det overordnede ansvaret for forvaltningen av selskapet. Videre viser vi til at NSD har fastsatt etiske retningslinjer, som bl.a. omhandler arbeidsmiljø, likeverd og mangfold, personlig atferd og gjensidig respekt. Det er tatt opp alvorlige forhold, og departementet legger til grunn at styret følger opp disse i tråd med bl.a. prinsippet om kontradiksjon."Departementet har orientert avsendarane av meldinga om dette i eit eige brev. Regjeringa forventar at alle selskapa der staten er eigar er blant dei leiande i bransjen sin når det gjeld helse, miljø og tryggleik. Departementet legg til grunn at styret har ansvaret for å følgje opp arbeidsmiljøet ved NSD, og har dialog med styreleiar om dette.