Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1944 (2017-2018) Innlevert: 27.06.2018 Sendt: 27.06.2018 Besvart: 04.07.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen
Willfred Nordlund (Sp): Kva føringar er det gitt for bruk av sand på rullebana på Ørland i høve kampflybase for F-35?
Frank Bakke-Jensen: Ved Ørland flystasjon brukar ein til vanleg urea og aviform til baneavising. Spesifikasjons-krava til F-35 tillet og bruk av strøsand av ein viss størrelse for å auke friksjon på rullebanesystema. Det er såleis opp til flystasjonen å vurdere om bruk av strøsand kan vere formålstenleg i den daglege verksemda.