Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:1969 (2017-2018) Innlevert: 29.06.2018 Sendt: 29.06.2018 Besvart: 05.07.2018 av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen
Geir Pollestad (Sp): Kva er status i arbeidet med å avvikla den norske koldrifta på Svalbard og kva er no anslaget for kostnadane ved opprydding?
Torbjørn Røe Isaksen: Regjeringa fremma i Prop. 1 S (2017-2018) forslag om å avvikle koldrifta til SNSK-konsernet i Svea og Lunckefjell. Koldrifta til SNSK-konsernet i Gruve 7, som leverer kol til kraftverket i Longyearbyen, skal holde fram vidare.I revidert nasjonsbudsjett 2018 går det fram at selskapet er i ferd med å utarbeide planar for oppryddinga som skal gås gjennom av departementet sin eksterne rådgjevar og miljømyndigheitene. Det går også fram at kostnadane til oppryddinga framleis er usikre, og at siste tilgjengelege anslag, på ufullstendig grunnlag, er på om lag 2,5 mrd. kroner.I etterkant av at revidert nasjonalbudsjett 2018 blei lagt fram, har selskapet arbeida vidare med planane for oppryddinga. Den eksterne rådgjevaren har også kome lengre i sitt arbeid. Selskapet sin plan for oppryddinga i Lunckefjell, som må gjennomførast før oppryddinga i Svea, er nyleg sendt miljømyndigheitene. Selskapet vil trengje meir tid på å utarbeide planen for Svea, kor det er fleire usikre moment. Selskapet sin plan for Svea vil truleg vere ferdig våren 2019. Basert på vurderingar frå ekstern rådgjevar og selskapet, og med atterhald om miljømyndigheitene si handsaming av saka, kan det no synast som fornuftig at oppryddinga i Lunckefjell startar med førebuande aktivitetar hausten 2018, medan oppryddinga i Svea truleg vil kome i gang i 2019/2020.Departementet vil kome tilbake til Stortinget med ei samla vurdering av saka i framlegget til statsbudsjettet for 2019.