Geir Pollestad (Sp): Kan statsråden gje eit oversyn over alle møter, brev og andre konkrete initiativ som er teke i saka om Mullah Krekar sidan dåverande statsråd Amundsen svarte på skriftleg spørsmål, Dokument nr. 15:931 (2016- 2017) den 7. april 2017?
Begrunnelse
I svar på skriftlig spørsmål, Dokument nr. 15:1857 (2017-2018), unnlater statsråden å svare på mitt spørsmål om kva som konkret er gjort i saka.
For å presisera kva det er ynskjeleg å få informasjon om så er det:
Møter, korrespondanse og andre handlinger mot irakiske myndigheiter om saka etter 7. april 2017.
Møter, korrespondanse og andre handlinger mot italienske myndigheiter om saka etter 7. april 2017.
Møter, korrespondanse og andre handlinger mot andre land om saka etter 7. april 2017.
Dersom det ikkje har vore noko slik aktivitet etter 7. april 2017 er det ynskjeleg å få vite det.