Skriftlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2000 (2017-2018)
Innlevert: 03.08.2018
Sendt: 03.08.2018
Besvart: 10.08.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Kva er årsaka til praksisendringa om sikkerheitklarering frå 2013, kva går endringane ut på, og kor mange har fått inndratt eller fått avslag på fornya sikkerheitsklarering som følgje av dette?

Begrunnelse

Viser til oppslag i Aftenposten 21.07. og 31.07. om ansatte i forsvaret og Utenriksdepartementet, som har fått inndratt eller fått avslag på fornya sikkerheitsklarering. Der vert det hevda at dette er resultatet av ei praksisendring frå 2013.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg viser til brev frå Stortingets president av 3. august 2018 med spørsmål frå stortingsrepresentant Hadia Tajik om tryggleiksklareringar og praksisendringa i 2013.
Tryggleiksklarering er heimla i lov om førebyggjande tryggleiksteneste (sikkerhetsloven) og forskrift om personelltryggleik og er eit viktig verkemiddel for å sikre ei trygg handtering av tryggleiksgradert informasjon. Avgjerder om tryggleiksklarering skal baserast på ei konkret og individuell heilskapsvurdering av om den aktuelle personen er tryggleiksmessig skikka. Som grunnlag for vurderinga blir det gjennomført ein personkontroll av personen sjølv og eventuelt denne sin nærståande.
Personkontrollen har til føremål å avdekke om det finst sårbarheiter av tryggleiksmessig betyding knytt til vedkommande som skal klarerast, eller om det er tilhøve ved denne sin nærståande som kan påverke om hovudpersonen er tryggleiksmessig skikka. Bakgrunnsundersøkingane dannar, saman med opplysningar gjevne av vedkomande sjølv, grunnlaget for avgjerda til klareringmyndigheitene om tryggleiksklarering. Det er difor av stor betyding at dette grunnlaget er faktabasert og verifiserbart.
Som hovudregel er det eit krav om at tryggleiksmessig relevant informasjon om personar som inngår i personkontrollen må vere tilgjengeleg for dei siste ti åra. Dette gjeld både for vedkommande som skal klarerast, og eventuelt denne sin nærståande. Viss det skal innhentast denne typen informasjon frå andre land må det vere eit tryggleiksmessig samarbeid med det aktuelle landet.
Etter ei individuell heilskapsvurdering kan det likevel gjevast tryggleiksklarering sjølv om kravet til personhistorikk ikkje er oppfylt. I vurderinga skal det leggast vekt på om mangel på personhistorikk er skulda kortvarig avbrot, teneste for den norske staten eller humanitære organisasjonar, låg alder eller tilhøve av lita betyding for om personen er tryggleiksmessig skikka.
Inntil januar 2017 var det totalt 44 ulike klareringsmyndigheiter. Denne strukturen er i dag i ferd med å bli endra, slik at vi ved utløpet av året i hovudsak har to store klareringsmyndigheiter, ein i sivil og ein i militær sektor.
Ei viktig årsak til denne endringa, er at det var ei stor utfordring å etablere tilstrekkeleg kompetanse og sikre likehandsaming med så mange klareringsmyndigheiter. Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) opplyser at praksis kunne variere mellom klareringsmyndigheitene innanfor enkelte område, særleg knytt til dei skjønnsmessige vurderingane. Praktiseringa av krav til personhistorikk for nærståande var eit slikt område. For å sikre ein større grad av likehandsaming og kvalitet i praktiseringa av unntak frå kravet om ti års personhistorikk, gav NSM i 2013 ut eit gradert rundskriv om temaet. Rundskrivet er ikkje rettsleg bindande for klareringsmyndigheitene, men er fagmyndigheita NSM si anbefaling for korleis det tryggleiksmessige skjønnet bør utøvast.
I rundskrivet gav NSM uttrykk for oppfatninga si av kor store manglar i personhistorikken det er tryggleiksmessig forsvarleg å akseptere når det gjeld nærståande. Denne nedre grensa vil, som følge av ei nærare risikovurdering, vere avhengig av aktuelle land sin etterretningsmessige trussel og tryggleiksmessige betyding. Fagmyndigheitens hensikt med rundskrivet var å presisere si tolking av regelverket og var ikkje ment som ei praksisendring eller skjerping av regelverket.
NSM opplyser at det ikkje har vore mogleg å talfesta kor mange som har fått avslag på tryggleiksklarering grunna ovannemnde rundskriv. Det vert vist til avgrensingar i det elektroniske saksbehandlingssystemet. Viss dette skal talfestast, må alle negative avgjerder om tryggleiksklarering gjennomgåast manuelt, noko som er svært tidkrevjande.
Som kjent vedtok Stortinget i mars i år ei ny lov om førebyggjande nasjonal tryggleik, og forslag til nye forskrifter til lova vart sende på ei brei alminneleg høyring rett før sommaren. Det vil bli utarbeidd reviderte rettleiingar med grunnlag i den nye sikkerheitslova med tilhøyrande forskrifter. Parallelt med dette arbeider NSM òg for å modernisere metoden og kjeldegrunnlaget som blir brukt for å gjennomføre personkontroll av nærståande personar.