Geir Pollestad (Sp): Kva tid vil regjeringa koma med ei økonomisk tiltakspakke for å kompensera for tørka som har råka jordbruket?
Begrunnelse
I løpet av sommaren har det gjennom media vorte klart at det er eit fleirtal på stortinget for ei økonomisk «krisepakke» for jordbruket.
Regjeringa har i løpet av sommaren gjort fleire endringar i regelverk og tiltak for å gjera det enklare for bønder som er råka av tørka. Desse er positive bidrag, men utan stor økonomisk verknad for enkeltbønder.
Det er klart at mange bønder har det og vil få det økonomisk vanskeleg. Det er difor viktig at ei økonomisk pakke kjem på plass så raskt som mogleg. Konkretiseringa av pakka må gjerast i dialog med jordbruket sjølv.