Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2048 (2017-2018)
Innlevert: 10.08.2018
Sendt: 13.08.2018
Besvart: 21.08.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Er Andøya flystasjon definert som i omstillingsfase, med dei tiltaka som då eventuelt skal bli gjeve MPA-miljøet?

Begrunnelse

I svaret på spørsmål 15:1996 viser statsråden til omstillinga i Luftforsvaret. Dei tilsette på Andøya uttaler at dei ikkje er i omstillingsfase, og at dei ikkje får denne statusen før 2 år innan flyttinga til Evenes. Difor får dei ikkje får eventuelle tiltakspakkar denne statusen skal gje på nåverande tidspunkt.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Luftforsvaret er pålagt å gjennomføre omfattande endrings- og moderniseringsprosessar, mellom anna innfasing av nye materiellsystem og endringar av Luftforsvaret sin base- og støttestruktur. Nær to-tredjedelar av Luftforsvaret sine tilsette er eller vil bli råka av den pågåande omstillinga, og nedlegginga ved Andøya må sjåast i heilhet med denne omstillinga.
Forsvaret har fått i oppdrag å forberede nedlegging av Andøya flystasjon og flytting av skvadronen til Evenes. Forsvaret har derfor allereie satt i verk enkelte tiltak med målsetting om å skape ein best mogleg føreseigelegheit for dei tilsette på Andøya, samt å sikre Forsvaret mot at verdifull kompetanse går tapt. Mellom anna er luftvingens leiing styrka med spesialistkompetanse på omstillings- og endringsprosessar, dei tilsette har fått informasjon om staten sine verkemiddel og det er søkt å teikne eit så klart bilde av den framtidige organisasjonen på Evenes som mogeleg på dette tidspunkt. For å ta vare på enkelte utsette grupper er det også allereie sett i verk personellmessige tiltak.
Andøya flystasjon vert ført vidare frem til nye maritime overvakingsfly vert innfasa på Evenes, planlagt i perioden 2020–2023. Forsvarssjefen har derfor ennå ikkje gjeve oppdrag om nedlegging av avdelinga. Avdelinga vil formelt definerast som i omstilling når avdelinga har fått oppdrag frå forsvarssjefen om flytting/nedlegging av avdelinga. Forsvaret opplyser at det vil bli sett i verk ein prosess for å tidfeste når oppdrag om nedlegginga av Andøya skal gjennomførast.
Forsvaret vil følge statleg praksis i forvaltninga og regelverk for omstilling ved flytting/nedlegging, og ivaretaking av personellet blir vektlagt i dette arbeidet.