Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:2111 (2017-2018)
Innlevert: 24.08.2018
Sendt: 27.08.2018
Besvart: 03.09.2018 av finansminister Siv Jensen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Kan finansministeren innhente ei oversikt frå dei ulike departementa om kor mykje pengar dei underliggjande organa har nytta til deltaking på «Arendalsuken»?

Begrunnelse

Det vises til svar på skriftleg spørsmål Dokument nr. 15:2072 (2017-2018). Her svarer ikkje statsråden på spørsmålet. Eg oppfatter det slik at statsråden meiner eg må stilla eit skriftleg spørsmål til kvart departement om eg vil ha svar.
Det er naturleg at Finansdepartementet tek oppgåva med å innhenta denne informasjonen for å vidareformidle den til stortinget.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Eg viser til svaret på skriftleg spørsmål nr. 2072 frå representanten Pollestad.
På generelt grunnlag meiner eg det er viktig å stille spørsmål ved ressursbruken til statlege organ. Effektiv ressursbruk er eit viktig område for regjeringa.
Reglementet for økonomistyring i staten krev at alle statlege verksemder nyttar statlege midlar effektivt. Dei statlege organa må kritisk vurdere kostnadene opp mot alternative føremål, det gjeld også deltaking på Arendalsuken. Dei statlege organa skal ha høg oppmerksemd og prioritet mot dei måla og oppgåvene organa har fått frå Stortinget og Regjeringa. Det er ikkje ei hindring for at det i denne samanheng kan vere nyttig for ein del statlege organ å prioritere å delta og bidra i samfunnsdebatten på sine fagområde. Det gjeld også deltaking på ein samfunnsarena som har som føremål å styrke krafta i eit levande demokrati.
Det vil vere ei særs omfattande oppgåve å innhente informasjon frå alle departementa om kva for underliggjande organ som har vore til stades på Arendalsuken og kor mykje pengar dei har nytta til deltakinga. Departementa vil måtte, for å lage ei slik oversikt, ta kontakt med om lag 200 statlege verksemder, helseføretak og andre organ under departementa. Ei oversikt som viser kor mykje pengar dei underliggjande organa har nytta til deltaking på Arendalsuken reiser vidare ei rekke spørsmål knytt til avgrensingar for ei slik utrekning. I tillegg til at det ikkje finnest ei lett tilgjengeleg oversikt over kven som har vore til stades på Arendalsuken og kor mykje det har kosta, så har vi heller ikkje oversikt over kva slags innsats som mellom anna er brukt til førebuing og planlegging av deltakinga på arrangementet. Ei slik undersøking og innhenting av informasjon vil difor leggje beslag på mykje ressursar i staten. Det vil òg vere lite nytte i å kjenne eit samlebeløp om pengebruken utan å vite kva organa og samfunnet har fått igjen for deltakinga.
Eg har merka meg at Senterpartiet på si nettside har kringkasta at «Senterpartiets ledelse er på plass med partileder, 2. nestleder og parlamentarisk leder. I løpet av uka tar en rekke av våre Stortingsrepresentanter turen til Arendal». Vidare kan Senterpartiet på sin nettstad vise til ei oversikt som viser dei over 70 arrangementa dei vil vere til stades på. Eg vil difor tru at Senterpartiet har gjort ei tilsvarande vurdering av nytta av førebuing og deltaking på Arendalsuken som dei statlege organa må gjere.
I lys av den store ressursbruken ved å samle inn informasjon om pengebruken til statlege organ som har vore til stades på Arendalsuken, finn eg det ikkje føremålstenleg at Finansdepartementet skal ta på seg denne oppgåva. Vi har statlege verksemder over heile landet. Eg finn det lite føremålstenleg å leggje ei sentral føring frå Oslo på kva alle desse ulike organa skal delta på eller ei. Derimot legg eg til grunn at dei underliggjande organa har gjort si eiga vurdering av deltaking på dette arrangementet, som på andre arrangement dei finn det føremålstenleg å delta på.