Jenny Klinge (Sp): Eg har fått opplyst at det er lang saksbehandlingstid når folk søkjer om å erverve våpen, og at mange derfor er frustrerte. Ved fleire våpenkontor skal det no vera 12-14 vekers behandlingstid, noko som framstår som svært unødvendig.
Kan justisministeren stadfeste at det tek så lang tid, og vil han ta grep for å oppnå ei rask og effektiv behandling av våpensøknader?
Begrunnelse
Når folk søkjer om å erverve våpen, er det knytt til eit behov som må dokumenterast. Då seier det seg også sjølv at ei rask behandlingstid er ønskjeleg. No framstår det som at det går mykje lenger tid enn det som burde vera nødvendig for ein prosess som skal bestå av formalitetar som desse:
- Sjekk av dokumentasjon på medlemsskap i relevante skyttarlag og organisasjonar
- Sjekk av dokumentasjon på nødvendig aktivitet, jamfør konkrete krav
- Sjekk av påteikning frå klubb/forbund
- Sjekk at allereie erverva våpen ikkje kan brukast til det omsøkte programmet
- Kontroll av vandel
Det er vanskeleg å forklåre at dette skal vera så tidkrevjande. Eg håpar justisministeren kan gå inn i dette og gjera nødvendige grep for å sørgje for rask saksbehandling, i tråd med det ønsket eg opplever at vi deler om at statlege organ og prosessar skal vera effektive.