Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2135 (2017-2018)
Innlevert: 28.08.2018
Sendt: 28.08.2018
Besvart: 04.09.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Vil omgjering av 2 bataljon medføre nedskalering og færre tenestegjerande soldatar i støtteavdelingane til Brigade Nord, i så fall kor mange færre vernepliktige skal til Brigade Nord årleg?

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Vidareutviklinga av 2. bataljon må sjåast i samanheng med fleire andre tiltak regjeringa gjer for å auka landmaktas reaksjonsevne, kampkraft og uthald. Lengre førstegongsteneste, eigne utdanningsavdelingar for vernepliktige soldatar og ein aktiv reserve er eksemplar på slike tiltak. Tiltaka har mellom anna til følgje at det i Hæren vil vere enkelte avdelingar som vil kunne få en reduksjon i den daglige bemanninga medan andre avdelingar får styrka bemanning. I tillegg vil det bli oppretta helt nye avdelingar som også skal bemannast. Til dømes ny bataljon i Porsanger og jegerkompani ved Garnisonen i Sør-Varanger.
I dag gjennomførast den grunnleggjande soldatutdanninga i dei operative avdelingane i Brigade Nord. Når rekrutt- og fagutdanning skiljast frå dei operative avdelingane, vil desse avdelingane kunna fokusere på trening og gjennomføring av operasjonar heile året. Soldatane som gjennomfører grunnleggande rekrutt- og fagutdanning vil da ikkje lengre tilhøyra sjølve brigaden, men inngå i ei utdanningsavdeling som utdannar operative soldatar til brigaden. Med det som grunnlag vil det samla talet på soldatar, som er under operativ teneste i støtteavdelingane eller under utdanning til slik teneste, auka. For brigaden som heilskap vil dette talet bli om lag som i dag.