Skriftlig spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2147 (2017-2018)
Innlevert: 29.08.2018
Sendt: 30.08.2018
Besvart: 06.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Telelinjen av kobber er noen steder eneste sikre telefonforbindelse, eller eneste mulighet for internett. For andre er telefonlinjen som en «forsikring» om mobildekningen blir borte i veiløse grender med tidvis ustabil mobildekning. Telenor faser ut kobberbaserte tjenester, og sier at skadde kobberlinjer ikke blir reparert.
Hva er konsekvensene for Telenor om selskapet ikke opprettholder leveringsplikten, og hvordan blir reaksjonene overfor de som ikke kan bruke Altinn til skattemelding og næringsoppgave?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Tilgang til gode og sikre elektroniske kommunikasjonstenester som telefoni og breiband vert stadig viktigare både for innbyggjarar og næringsliv, og det blir stadig vanskelegare å klare seg utan desse tenestene. Regjeringa har sett som mål at alle skal ha tilgang til breiband med høg hastighet og at det skal vere god mobildekning der folk bur, jobbar og ferdast. Eit viktig verkemiddel i ekompolitikken er leveringsplikt. Telenor har inngått avtale med staten om leveringsplikt for offentleg telefonteneste. Denne leveringsplikta er ikkje knytt opp mot ei bestemt teknologisk løysing, men skal sikre at husstandar og bedrifter i heile landet har tilgang til ei offentleg telefonteneste. Etter gjeldande avtale kan Telenor velje å levere telefontenesta enten som ei fasttelefonteneste eller via selskapet sitt mobilnett. Det er rett at Telenor sine koparliner i eit historisk perspektiv har hatt ei sentral rolle i å sikre kommunikasjonsløysingar til bygd og by, men også her går utviklinga vidare. Ei omfattande modernisering av netta er i gong, der kopar heilt eller delvis blir erstatta med fiber, både av Telenor og andre tilbydarar. Moderniseringa blir tvinga fram både som følgje av teknologisk utvikling, men også fordi samfunnet og den enkelte borgar får stadig høgare forventningar til og blir stadig meir avhengige av moderne ekomtenester. I tillegg er situasjonen slik at ein opplever at utstyr og kompetanse går ut på dato, ved at det for eksempel ikkje lenger blir produsert reservedelar eller at kompetanse blir oppretthalde til å halde ved like systema. Dermed vil gamle telefonsentralar på sikt nødvendigvis måtte fasast ut, og tilhøyrande koparliner sanerast.
Det er derfor viktig å understreke at Telenor si leveringsplikt ikkje er direkte kopla til koparlinene. I den grad Telenor vel å ikkje reparere øydelagde liner eller leggje ned telefonsentralar i enkelte område, skal selskapet framleis gje kundane eit tilbod om ei offentleg telefonteneste, dersom det ikkje finst andre tilbydarar som har eit tilbod og som kan levere telefontenesta. Dette er det sentrale elementet i leveringsplikta. Det er Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) som følgjer opp avtalen om dei leveringspliktige tenestene overfor Telenor. Både forbrukarar, næringsdrivande, kommunar og andre kan ta kontakt med Nkom dersom det oppstår spørsmål om Telenor si leveringsplikt. Nkom har moglegheit til å sanksjonere eventuell manglande oppfylling gjennom vedtak om tvangsmulkt eller overtredelsesgebyr, jf. ekomloven kap. 10.
Det er grunn til å klargjere at leveringsplikta ikkje omfattar ei generell plikt for Telenor eller andre selskap å tilby breiband i Norge. Saman med kommersiell utbygging av breiband, har også den statlege breibandstøtteordninga bidrege til utbygging av t.d. fiberbreiband i mange distrikt dei siste åra.
I mange tilfelle vil mobiltelefon vere einaste alternativ til telefonteneste når koparnettet blir lagt ned. Myndigheita har stilt auka krav som skal bidra til å redusere risiko for utfall i mobilnetta. Dette gjeld til dømes generelle krav til reservestraumkapasitet på alle basestasjonar (2 timar) og spesielle krav i utvalde og utsette område gjennom programmet "forsterket ekom" på kommunenivå (tre dagar reservestraum og forsterka oppkopling). Staten bidreg også med midlar til auka robustheit i transportnetta, som igjen bidreg til å gjere mobilnetta sikrare.
I tillegg kjem arbeidet dei tre nettoperatørane sjølve legg ned for å betre dekning, tenestekvalitet og -tilbod i eigne nett. Dette er ein kontinuerlig prosess med store investeringar, og fører også til at Norge i dag har mobilnett i verdsklasse. Utbygginga av 4G gir også stadig betre moglegheiter for tilknyting til Internett, og 4G-dekninga omfattar over 99 % av husstandane.
Når det gjeld spørsmålet om eventuelle reaksjonar overfor dei som ikkje kan bruke Altinn til skattemelding og næringsoppgåve, utgjer det i liten grad eit problem for bedrifter og private i Norge i dag at ein ikkje er i stand til å levere næringsoppgåve og skattemelding på grunn av manglande eller ustabil internett-tilgang. Dei aller fleste bedrifter nyttar eit rekneskapskontor som har breibandtilknyting. Det er vidare mogleg å kontakte nærmaste skattekontor og få levert skattemelding og næringsoppgåve på skattekontoret sine lokale.