Geir Pollestad (Sp): Vil statsråden setje folk framfor system og ta i bruk eit meir menneskevennleg sanksjonssystem ved for sein levering av søknad om produksjonstilskot?
Begrunnelse
Bondebladet har ein sak om ein bonde frå Voss som har levert søknad om produksjonstilskot to timer for seint. I fylgje saka i Bondebladet gjer dette at bonden mistar kring 200 000 i støtte.
I eit tidlegare svar til Stortinget til Nils T Bjørke viser statsråden til innføringa av eStil som grunngjeving. Dette er eit av tiltaka på den såkalla forenklingslista. Det er grunn til å tru at dette ikkje vert opplevd som særleg enkelt for dei som av ulike grunnar leverer for seint.
Det er menneskeleg å gjera feil. Og eg er trygg på at ein finn døme på at det tidlegare er gjort feil både av folk i direktoratet og departementet. Det uverkelege i denne saka er dei enorme konsekvensane.
Det einaste fornuftige her er og ha ein fast moderat sats per dag forseinking. Ein kan då ta vekk søknader om å sleppa å få kutt med subjektive grunngjevingar. Det vil vera ei forenkling.
Det er viktig å setja folk framfor system. Folk vil og i framtida gjera feil. Det er ikkje rett at dei skal bli ruinert av staten av den grunn.