Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2167 (2017-2018) Innlevert: 31.08.2018 Sendt: 31.08.2018 Besvart: 07.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Kari Henriksen (A): Hvilken fordelingsnøkkel tenker samferdselsministeren å ta i bruk i den neste puljen av byer som skal forhandle frem byvekstavtaler?
Jon Georg Dale: Det er i dag fire byområde som har inngått bymiljø- eller byvekstavtalar: Oslo og Akershus, Bergen, Trondheim og Nord-Jæren. Avtalane byggjer på dei økonomiske rammene og føringane i Nasjonal transportplan 2014-2023. Desse fire byområda er no i gang med reforhandlingar som tek utgangspunkt i Nasjonal transportplan 2018-2029. Det blir også teke sikte på å starte forhandlingar om byvekstavtalar med Tromsø, Buskerudbyen, Nedre Glomma, Kristiansandsregionen og Grenland når tilstrekkelege avklaringar er på plass.I Nasjonal transportplan 2018-2029 er det sett av over 66 mrd. kr til forhandlingane. Ein del av desse midlane er bundne gjennom allereie inngåtte avtalar. Dei andre midlane vil bli fordelte gjennom forhandlingane med kvart byområde. For å inngå avtale må partane sannsynleggjere at dei vil nå nullvekstmålet med dei prosjekta, arealbruken og andre verkemiddel som dei legg til grunn. Det skal også vere samsvar mellom prosjektportefølje og finansieringsgrunnlag. Det vil ikkje liggje ein fast fordelingsnøkkel til grunn for fordelinga av midlane som er sette av til byvekstavtalene. Fordelinga vil avhenge av korleis prosjektporteføljen bidreg til å nå nullvekstmålet, og at byområda forpliktar seg til ein arealbruk som byggjer opp under måloppnåelsen.