Skriftlig spørsmål fra Willfred Nordlund (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2171 (2017-2018)
Innlevert: 31.08.2018
Sendt: 31.08.2018
Besvart: 11.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Willfred Nordlund (Sp)

Spørsmål

Willfred Nordlund (Sp): I en ny rapport utarbeidet for Opplysningsrådet for veitrafikken kommer det frem at vedlikeholdsetterslepet på fylkesvei øker på Vestlandet og i Nord-Norge.
Hva gjør regjeringen for å oppdatere veidatabasen og vite hva som er tilstanden på fylkesveiene?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Det blei gjennomført ei omfattande kartlegging av kostnader ved å fjerne forfall på riks- og fylkesvegnettet i 2012. Kartlegginga blei oppdatert som grunnlag for arbeidet med Nasjonal transportplan 2018-2029, og denne oppdateringa viste ingen store endringar.
Det blir årleg gjort målingar av spor, kvalitet og tverrfall på store delar av riks- og fylkesvegnettet. I tillegg er det krav om jamlege inspeksjonar av mellom anna bruer og konstruksjonar og av tunnelar. Samla gir desse målingane eit godt bilete av tilstanden og er grunnlag for prioritering av asfaltering og anna vedlikehald.
Det er mi vurdering at tilstandsoversiktene er eit nyttig grunnlag for planlegging og gjennomføring av investeringar og vedlikehald på fylkesvegnettet dei nærmaste åra. Korleis dette skal gjerast i framtida, må avklarast i arbeidet med regionreforma. I den samanhengen må det vurderast korleis vi kan få fram gode nasjonale og regionale data om tilstanden på heile det offentlege vegnettet på ein formålstenleg måte. I dag er det Statens vegvesen som samlar inn og handsamar data om både riks- og fylkesvegnettet, inkl. tunnelar, bruer og andre vegobjekt. Denne informasjonen blir samla i ein sentral database, Nasjonal vegdatabank (NVDB), som blir brukt aktivt i forvaltinga av vegar i Noreg.
Satsing på vedlikehald av og investering i transportinfrastruktur har auka kraftig under regjeringa Solberg, og vedlikehaldsetterslepet på riksvegnettet er blitt redusert for første gong på fleire tiår. Samstundes er det eit stort vedlikehaldsetterslep på fylkesvegnettet. I NTP for perioden 2014 – 2023 heiter det at det er "regjeringens vurdering at fylkeskommunene ikke vil være i stand til å ta igjen vedlikeholdsetterslepet på fylkesvegnettet, uten ekstraordinær statlig finansiering". På bakgrunn av det tilrådde regjeringa Stoltenberg II å styrkje rammetilskottet slik at fylkeskommunane kunne fornye og ruste opp fylkesvegnettet. Ramma for dette blei sett til 10 mrd. kr for 10-årsperioden, som ein del av de frie midlane til fylkeskommunane. Midlane skulle fordelast etter særskilte kriterie, basert på vedlikehaldsetterslep i den enkelte fylkeskommune. 2,75 mrd. kr skulle etter framlegget i NTP (2014-2023) brukast til formålet i første fireårsperiode. I tråd med dette gjorde regjeringa Stoltenberg II framlegg om å setje av 500 mill. kr til fordeling i statsbudsjettet for 2014.
Regjeringa Solberg delte vurderinga av at det var behov for midlar til å fornye og å ruste opp fylkesvegane. I sitt tilleggsframlegg til statsbudsjettet for 2014 auka regjeringa Solberg summen til særskilt fordeling for 2014 frå 500 mill. kr til 780 mill. kr. Den årlige summen til fordeling til dette formålet auka årleg i fireårsperioden, til 1320 mill. kr i budsjettet for 2017. For fireårsperioden 2014 – 2017 er det løyvt om lag 4 294 mill. kr (nominelt) til fordeling til formålet. Det er vesentleg meir enn målsetjinga i NTP (2014-2023) om 2 750 mill. kr.
Ramma for dette er sett til 15,6 mrd. kr for planperioden 2018 - 2029. I budsjettet for 2018 er det sett av 1 355 mill. kr innanfor rammetilskottet til fylkeskommunane for fordeling til formålet.