Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden ta ansvar for å rette opp i ein eventuell dysfunksjonell organisasjons- og leiingskultur i Vest politidistrikt og syte for at det vert praktisert ein openheitskultur der det vert trygt å varsle og som gjer at tilliten til politiet vert oppretthaldt, og kva konkrete tiltak vil statsråden i tilfelle setje i verk for å sikre dette?
Begrunnelse
Det har vore fleire varslingssaker i Vest politidistrikt. Eit fellestrekk er at det blir stilt spørsmål ved objektivitet og habiliteten i behandlinga av varslarane. Nyleg blei det kjent at ein erfaren politietterforskar i Bergen blei tvangsflytta etter å ha varsla. BI-professor Stig Berge Matthiesen fryktar konsekvensen, og at det å omplassere ein varslar gir eit læringssignal til andre potenselle varslarar om at ein skal vere passiv( VG 07.09.18). Slik kan praksisen skremme andre frå å varsle. Dei mange varslingssakene i Vest politidistrikt kan og skade tillitsforholdet mellom politiet og byens innbyggjarar. Som folkevalt og ombod frå Hordaland er eg bekymra over det som over tid har komme fram, og meiner at justis-, beredskaps- og innvandringsministeren bør ta ansvar for å rette opp i ein eventuell dysfunksjonell organisasjonskultur i Vest politidistrikt slik at tilliten til politiet blir god og at det blir trygt å varsle om kritikkverdige forhold.