Skriftlig spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2214 (2017-2018)
Innlevert: 07.09.2018
Sendt: 07.09.2018
Besvart: 14.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): Kan jeg be statsråden legge fram en oversikt over hva utbyggingen av E18 Vestkorridoren og andre planlagte motrorveiprosjekt rundt de store byene, gir av økte bompengetakster for bilistene, både per år og per passering?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Generelt er det slik at for prosjekt som er under planleggjing er ikkje endeleg finansieringsopplegg fastsett. Det ligg derfor ikkje føre konkrete berekningar av bompengetakstar. Det er heller ikkje heilt klart kva som kan definerast som planlagte motorvegprosjekt rundt dei store byane. Dersom ein ser på første seksårsperiode i NTP, føresett prosjekt med eigne innkrevjingsopplegg og ser bort frå dei prosjekta som allereie er vedtatt av Stortinget, er det E18 Lysaker – Ramstadsletta som best passar inn i spørsmålet frå representant Haltbrekken.
Det er ikkje fastsett endeleg finansieringsopplegg for heile E18 Vestkorridoren som omfattar strekninga frå Lysaker til Drengsrud i Bærum og Asker kommunar.
E18 Vestkorridoren skal etter planen byggjast ut i tre etappar, der strekninga Lysaker – Ramstadsletta er første etappe. Statens vegvesen sitt saksgrunnlag for lokalpolitisk handsaming av finansieringsopplegget for E18 Lysaker – Ramstadsletta blei oversendt dei aktuelle kommunane og fylkeskommunane i august 2018. I det foreslåtte finansieringsopplegget er gjennomsnittstaksten rekna til om lag 23 kr, dvs. den gjennomsnittlege inntektan per passering som er naudsynt for at prosjektet skal bli nedbetalt i løpet av 15 år. Kva for realtakstar dette vil gi er avhengig av samansettinga av bilparken som passerar bomstasjonane, samt lokalpolitiske vedtak om takstnivå for nullutsleppskøyretøy. Med halv takst for nullutsleppskøyretøy har Statens vegvesen anslått grunntaksten for køyretøy i takstgruppe 1 til om lag 30 kr dersom andelen nullutsleppskøyretøy blir 20 pst. Med 40 pst. nullutsleppskøyretøy er grunntaksten for takstgruppe 1 anslått til 36 kr. For køyretøy i takstgruppe 2 er det lagt til grunn dobbel takst. Ved bruk av AutoPASS-brikke får køyretøy i takstgruppe 1 20 pst. rabatt. Den årlege belastninga er avhengig av antall passeringar. Det er ikkje fastsett endeleg finansieringsopplegg for E18 Vestkorridoren som omfattar strekninga frå Lysaker til Drengsrud i Bærum og Asker kommunar.