Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2229 (2017-2018)
Innlevert: 07.09.2018
Sendt: 10.09.2018
Besvart: 20.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): FNs postavtale UPU innebærer at Posten må distribuere postsendinger fra bl.a. Kina med tap.
Hvor store tap hadde Posten på sendinger fra Kina henholdsvis totalt og per sending for alle sendinger, totalt og per sending for sendinger med verdi inkl. frakt under 350 kr og totalt og per sending for sendinger med verdi inkl. frakt over 350 kr for hvert av årene 2007, 2012, 2015, 2016, 2017 og hittil i 2018?

Begrunnelse

Det bes om at tallene fremstilles i en tabell. Det anmodes også om at det gis en tilsvarende oppstilling for alle slike land totalt og dersom det lar seg gjøre med rimelig anstrengelse også for noen andre særlig relevante land enkeltvis. Tallene for Kina er likevel det vesentligste. Man må forventes å kunne gi et godt anslag for tapene på sendinger fra Kina også dersom man ikke har ferdige kalkyler. Tapene bør beregnes ved at man sammenligner med en situasjon der Posten hadde oppnådd en rimelig fortjeneste på slike sendinger sett opp mot hva man oppnår for for eksempel sendinger fra i-land eller innenlandske sendinger.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: FN sin postorganisasjon UPU (Universal Postal Union) har reglar og priser for postsendingar som nær alle land i verda har slutta seg til. Det er ulike regelsett for pakkar og brev.
Pakkar er sendingar opp til 20 kg der det vert gitt kvittering, signering ved utlevering, forsikring og ofte sporing av sendingane. Regelverket for pakkar gir bærekraftige priser for pakkar inn i Norge. Posten har såleis ikkje noko tap for dei sendingane som vert sendt på denne måten. Dei fleste e-handelssendingane frå utlandet med verdi over 350 kr vert sendt som pakker. Problemstillinga som Gjelsvik peiker på er difor ikkje relevant for pakkar.
Sendingar med låg verdi, det vil seie sendingar under 350 kr, vert normalt sendt som vanlege brev eller rekommanderte brev. Brev kan ha ei vekt på inntil 2 kg, og vanlege brev har ikkje forsikring, kvittering og krav til signatur. Mange av breva som vert sende frå Kina var tidlegare rekommanderte og hadde høge kostnader knytt til registrering og utlevering i Norge. UPU sitt regelverk for utveksling og betaling av brevsendingar mellom land er komplekst, med ei lang rekke priser for ulike format, kilopris, tilleggstenester, type land mm. Mellom anna har sendingar frå utviklingsland betre priser enn sendingar frå industriland. Eksempelvis er det i dag en skilnad på om lag 2,45 kr per brevsending med e-handelsvarer frå Kina målt opp mot ei tilsvarande sending frå USA.
I 2012 vedtok UPU endring i klassifiseringa av land med verknad frå 2016. Ei rekke land som tidlegare var klassifisert som u-land, mellom anna Kina, blei klassifisert som i-land. Det vart òg i 2016 vedtatt å auke prisane mellom 2018 og 2021 slik at alle i-land vil ha dei same prisane for brevsendingar i 2021.
Når det gjeld ei historisk oversikt over Posten sitt tap på brevsendingar frå Kina, har det ikkje vore mogleg å skaffe dei etterspurte tala. Tradisjonelt har brevsendingar frå Kina vore registert med lite informasjon om formatinndeling og anna som er naudsynt for å kunne rekne på lønsemda for ulike typar sendingar.
Derimot finst det gode berekningar for rekommanderte brevsendingar frå utlandet som mellom anna vert nytta til e-handelsimport av varer med låg verdi (småpakker) frå Asia, og då særleg frå Kina. Berekningane har vist store økonomiske tap for denne tenesta, på grunn av lave UPU-prisar og høge kostnader knytt til handtering av slike sendingar i Norge. Posten søkte for 2016 og 2017 å få dekka meirkostnadene (nettokostnader) for rekommanderte sendingar frå utlandet gjennom ordninga med statleg kjøp av pålagte ulønnsame posttenester. For 2016 var meirkostnadene berekna til 82 mill. kr. I parallell har Posten jobba aktivt med å betre lønnsemda, og Posten opplyser at det i fjor blei funnet ei løysing for rekommanderte sendingar frå Kina som gjer at meirkostnaden for denne tenesta blei vesentleg redusert samanlikna med 2016. Endelige berekna meirkostnad for 2017 vil gå fram av Postens produktrekneskap for 2017 som skal sendast Nasjonal kommunikasjonsmyndighet innan utgangen av september 2018.
Posten understrekar overfor departementet at brevsendingar som vert nytta til e-handelsimport av varer med låg verdi og som langt på vei vil falle bort ved innføring av «nullgrense» for privatimport, samla sett gir eit positivt dekningsbidrag til å dekke felleskostnadane i postnettet i Norge.