Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2237 (2017-2018)
Innlevert: 10.09.2018
Sendt: 10.09.2018
Besvart: 17.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): En mulighet som kan sikre at godsselskapene kan kjøre lengre tog og dermed øke godsmengden på bane, selv på dagens infrastruktur, er å gjøre en oppmykning i jernbaneforskriften som sier at persontog har forrang for godstog.
Vil statsråden vurdere å åpne for andre kriterier for nattog, dersom det innebærer at godsselskapene kan kjøre med lengre tog enn i dag uten at det påvirker rutene for persontog i stor grad?

Begrunnelse

I dag er reguleringen av hvilke type tog som har forrang på banenettet regulert gjennom Network Statement, som bygger på jernbaneforskriften. I § 9-5 i jernbaneforskriften står det at «tjenester som inngår i kontrakt med staten om offentlig tjenesteyting», alltid skal prioriteres foran godstransport. Det betyr at persontog har forrang for godstog. Det er det gode grunner til, da jernbanenettet skal frakte millioner av pendlere og reisende hvert år. Likevel peker flere aktører i næringen på at dersom man hadde myket opp denne paragrafen, og åpnet for en endring av prioriteringene utenfor de mest trafikkerte områdene, vil det bety at godstogene kan bli om lag 100 meter lengre på dagens infrastruktur. Godstog kjører på natten så i praksis vil dette være begrenset til å ha innvirkning på hvor lang tid nattogene bruker. Det kan innebære at nattogene kommer noen minutter senere frem, men dette kan være verdt å vurdere opp mot gevinsten av å øke overføringen av gods fra vei til bane.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Eg takkar for spørsmålet, som og er eit konstruktivt forslag til å prøve nye løysingar både for regelverk og praktisk avvikling av togtrafikken på nattestid. Eg viser og til svaret mitt på spørsmål nr. 2194 frå Ivar Odnes om vilkåra for godstransporten. Vi har alle det same målet om å halde på og helst auke godstransporten med tog der tog er best eigna. Allereie i 2015 skreiv departementet til dåverande infrastrukturforvaltar Jernbaneverket og bad om ei vurdering av mellom anna konsekvensane av endra kriterier for trafikkavvikling kan ha for kryssingssporstrategien på langdistansestrekningane. I oppsummeringsrapporten til prosjektet Rutemodell 2027 er det og ei rekkje tilrådingar for ei heilskapleg utvikling av togtilbod og infrastruktur, som mellom anna er tatt inn i NTP-arbeidet.
Nævra peiker på at persontog som køyrer på avtale med staten om offentleg teneste er prioritert framfor godstog i jernbaneforskrifta. Ut frå spørsmålet kan ein få inntrykk av at regelen blir tillagt eit for stort verkeområde. Prioriteringsregelen i jernbaneforskrifta § 9-5 skal først verte nytta når infrastrukturen er erklært overbelasta, og det ikkje har vore mogleg å innfri alle søknadene om ruteleier gjennom ein samordningsprosess. I denne samordningsprosessen skal Bane NOR prøve å finne løysingar som gjer at alle som har søkt om ruteleie får oppfylt sine faktiske behov. Det er berre når det fortsatt ikkje vert funne ei løysing at infrastrukturen blir erklært overbelasta og prioriteringsregelen må brukast.
Departementet har tidlegare gjort det klart for infrastrukturforvaltar at det ikkje bør vere automatikk i at dei alltid bruker den same prioriteringsrekkefølgja utanfor dei tilfella som jernbaneforskrifta § 9-5 gjeld for. Til dømes bør trafikkstyrarane gjere konkrete vurderingar av dei toga som bør få best prioritet ved trafikkavviklinga i avvikssituasjonar, fordi det ikkje alltid er mest samfunnsnytte i at eit godstog må vente på eit kryssande persontog.
Eg meiner vi først bør sjå på om det er noko å hente i sjølve ruteplanprosessen før vi kan slå fast at det er behov for å endre prioriteringsregelen i jernbaneforskrifta § 9-5. Det er og viktig at godsbransjen søker om ruteleier på ein slik måte at Bane NOR kan gjere ein god samordning om det oppstår kryssande interesser med persontoga. Eg vil i dialogen med Bane NOR forsikre meg om at godstog ikkje blir nedprioritert utan god grunn både når ruteplanane vert fastsett i den årlege ruteplanprosessen, og ved den operative trafikkstyringa.
Som ein del av regjeringas satsing på godstransport skal ein i NTP bruke 18 milliardar på ein godspakke. Godspakka består av mange ulike tiltak, mellom anna lengre kryssingsspor og fleire kryssingsspor med samtidig innkjør. Desse tiltaka vil bidra til økt strekningskapasitet i jernbanenettet slik at ein kan framføre lengre godstog på alle hovudsamband enn ein kan i dag. På enkelte samband kan det gi betre kapasitet til fleire godstog enn i dag. Dette må også sjåas i samanheng med kapasiteten til terminalene som effektiviseras som ein del av godspakka. Sidan omfanget av tiltaka må realiseras over tid vil verkingane være gradvise.