Liv Signe Navarsete (Sp): Vil statsråden vurdere saka om omdisponering av areal til ei tomt på Søreide i Sogn og Fjordane på nytt slik at neste generasjon får høve til å bygge hus på garden og flytte attende til bygda?
Begrunnelse
Gjennom NRK Sogn og Fjordane er det blitt kjent at fylkesmannen har omgjort løyve til frådeling av bustadtomt på Søreide. Kommunen gav gjennom to vedtak løyve til frådeling, men vedtaka vart begge gongene gjorde om av Fylkesmannen. Jordvern er svært viktig, og generelt skal ein vere svært restriktive med omdisponering av dyrka mark. I dette tilfellet handlar det om svært lite areal, og eit areal som ikkje har vore i drift dei siste ti åra. Slik sett er dette ei heilt anna sak enn til dømes å gje løyve til IKEA å byggje varehus på store areal av den beste kornjorda i Vestby. Det høyrer også med til biletet at det i bygda elles er areal som ikkje vert hausta, men slått med beitepussar før det rotnar ned. I denne saka står samfunnsinteresser mot kvarandre, men frå kommunen og bygdefolk vert det lagt stor vekt på behovet for å få inn unge tilflyttarar. Det må vere rom for tredje generasjon å få busetje seg på garden han vaks opp.