Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2263 (2017-2018)
Innlevert: 12.09.2018
Sendt: 13.09.2018
Besvart: 26.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Vil statsråden fremskunde bygging av ny Eigerøy bru eller iverksetja andre tiltak slik at det ikkje er naudsynt med avgrensninger på tungtrafikken over brua?

Begrunnelse

Eigerøy bru er ein del av riksvegnettet som bind havna saman med E39 i Eigersund kommune i Rogaland. Det er no varsla at tyngre næringstransporter ikkje lengre har høve til å nytte brua. Dette vil råke næringslivet generelt og ikkje minst transporter knytt til den store utbygginga av vindkraft som skjer i regionen.
Det vil vera særs uheldig om manglar ved statleg infrastruktur gjer denne satsinga vanskeleg.
Eg meiner statsråden kan sjå korleis det vart handtert då ein liknande sak skjedde på riksveg 80 Hopsbrua (innfartsvegen til Bodø) i 2008. Då kom erstatningsbru på plass i rekordfart (månader) og ny permanent bru vart framskunda.
Ny bru til Eigerøy er eit relativt sett lite, men for regionen særs viktig prosjekt. Det er difor naudsynt at prosjektet vert prioritert med oppstart i statsbudsjettet for 2019.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Rv 42, inkl. Eigerøy bru, er klassifisert i bruksklasse (Bk) 10/50 for normaltransport, dvs. at strekninga er tillaten for køyretøy med totalvekt inntil 50 tonn. I tillegg er strekninga tillaten for tømmertransport med totalvekt inntil 60 tonn. Strekninga inngår også i den delen av riksvegnettet der det er generell dispensasjon utan tidsavgrensing for totalvekt inntil 65 tonn og der det kan bli gitt tidsavgrensa dispensasjonar for totalvekt inntil 100 tonn. Dette inneber at all vanleg tungtransport og alle vanlege spesialtransportar kan bruke brua.
Avgrensingane som representanten Pollestad viser til, er knytt til svært tunge transportar, dvs. transportar med totalvekt over 100 tonn. Slike transportar må det søkjast særskilt dispensasjon for.
I Nasjonal transportplan 2018-2029 er det prioritert statlege midlar til prosjektet rv 42 Eigerøy bru i siste seksårsperiode (2024-2029).
Eigerøy bru er open for all vanleg tungtransport, inkl. vanlege spesialtransportar. Dette var ikkje tilfelle for Hopsbrua på rv 80 i Nordland. Etter det eg no kjenner til er det ikkje endeleg avklart kor stor bereevne denne brua faktisk har. Eg vil derfor be Vegdirektoratet om å foreta ei særskilt vurdering av det for å avklare om det kan tillatast tyngre transport enn det som i dag er løyve til.