Geir Pollestad (Sp): Vil statsråden greie ut kva konsekvensar ei ordning for å gje Color Line høve til å flagge Kiel-ferjene til NIS vil ha for nordiske sjøfolk i ferjedrifta i Norden, og kva tid kan i så fall ei slik utgreiing vere ferdig?
Begrunnelse
I revidert statsbudsjett 2018 seier eit fleirtal i Stortinget:
«Stortinget ber regjeringen foreta en samlet gjennomgang av forutsetningene som er blitt lagt til grunn for den varslede endringen av fartsområdeforskriften for utenriksferger, og presenterer resultatene for Stortinget på en egnet måte før en eventuell endring blir foretatt.»
I desse sakene syner ofte statsråden til «fartsområdeutvalget» sitt arbeid. Dette arbeidet er no snart fem år gammalt og det er mykje som er endra sidan den gong. Mellom anna syner rekneskapstal at økonomien i Color Line i dag verkar solid. Utan omsyn til dette vert det venta at regjeringa legg fram oppdatert faktagrunnlag og vurderinger for Stortinget.
Eg hadde nylig møter med DFDS og dansk fagbevegelse. Dei var begge uroa for at ei opning for NIS for Color Line vil bety at Noreg startar eit kappløp mellom nordiske land med svekka løn- og arbeidsvilkår i nordisk ferjedrift.
Eg syner og til at arbeidsministerne på nordisk nivå den 13. april 2018 har signert på eit dokument om «Joint Nordic Declaration on Fair Competition and Fair Working Conditions».
Det har og blitt reist spørsmål om vilkåra i NOR og andre ordningar som til dømes casinodrift er dårlegare enn det ein får under ferjeregelverket i
DIS.