Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2285 (2017-2018)
Innlevert: 17.09.2018
Sendt: 17.09.2018
Besvart: 25.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): SINTEF uttalte til NRK denne uken at autonome ferger bør vurderes som alternativ til nye undersjøiske tuneller og broer langs E39.
Vil statsråden ta initiativ til å inkludere autonome ferger som et eget alternativ som utredes i tillegg til de ulike bro- og tunnelalternativene langs E39, og vil Regjeringen vurdere å heller satse på dette dersom det viser seg å være billigere og gi et like godt transporttilbud?

Begrunnelse

Kostnadene for brokryssinger og undersjøiske tuneller i "Fergefri E39"prosjektet er estimert til om lag 200 milliarder, i tillegg til store årlige vedlikeholdskostnader. Transportstrategisk leder i Sintef, Beate Kvamstad-Lervold, uttaler til NRK at autonome ferger bør utredes som alternativ til broer og tuneller langs E39. Hun sier at "Det er viktig i alle store transportprosjekter å vurdere hva ny teknologi kan bety. Vi mener autonome ferger bør tas med i utredningsarbeidet." Statens Vegvesen har i dag pågående utredninger om hvordan de ulike fjordene langs E39 skal krysses. Her er det imidlertid ikke vurdert hvorvidt ny fergeteknologi kan gå inn som en del av dette. Jeg ber om at statsråden inkluderer nye autonome ferger som et selvstendig alternativ som ses opp mot fordelene og ulempene med nye broer og undersjøiske tunneler. Relevante faktorer i en slik utredning bør både være pris, kapasitet, fleksibilitet og samfunnsøkonomisk nytt.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Stortinget har ved behandlinga av Nasjonal transportplan 2018-2029 sett som ambisjon at E39 skal utviklast og gjerast ferjefri på sikt. Statens vegvesen har framleis i oppdrag å utgreie korleis denne ambisjonen kan gjennomførast. Samstundes er regjeringa oppteken av korleis ny teknologi vil påverke samferdselssektoren. Førarlause ferjer er eit spanande døme på at vi står midt i eit teknologisk skifte i transportsektoren. Denne regjeringa har teke fleire initiativ for å få til meir bruk av teknologi i sektoren. Til dømes er transportetatane saman med Avinor AS og Nye Veier AS i gang med utgreiingar om framtidig teknologi, for å vurdere korleis dette kan påverke sektoren og med tanke på korleis vi kan unngå feilinvesteringar i framtida. Dette skjer som ein del av grunnlagsarbeidet fram mot Nasjonal transportplan 2022-2033. I tillegg har regjeringa sett ned eit uavhengig ekspertutval som parallelt med dette arbeidet skal sjå på konsekvensane av ny teknologi innan samferdselssektoren, og korleis dette bør påverke framtidig planlegging.
Samferdselsdepartementet vil sørgje for å halde framdrift i arbeidet med å leggje til rette for ein utbetra og ferjefri E39. Sidan tidsperspektivet er langt, er det naturleg at vi heile tida vurderer om ny teknologi fører til behov for å vurdere nye løysningar, eventuelt om ein i ein periode fram mot ferjefri veg kan utvikle ferjetilbodet Statens vegvesen følgjer den teknologiske utviklinga for elektriske og autonome ferjer tett. Samstundes med innføringa av null- og lågutsleppsteknologi i ferjedrifta ser vi at det i stadig fleire samband blir innført system for at ferjene skal krysse fjordane automatisk. I tillegg blir det arbeidd med system for at ferjene kan leggje til og frå kai automatisk. I sambandet Moss-Horten har til dømes ferjeselskapet inngått avtale med ein leverandør med mål om å utvikle eit system som automatiserer overfarten i sambandet, og tek ferjene til og frå kai. Som ein stor innkjøpar av ferjetenester har Statens vegvesen også verkemidlar som kan gjere det mogeleg med ei utvikling på området, både når det gjeld teknologi og regelverk.
I framtida kan vi kanskje sjå for oss ein situasjon der store ferjer som følgjer ein rutetabell kan bli erstatta med fleire små, autonome ferjer som går når det er behov for det. Per i dag er det likevel Statens vegvesen si vurdering at det er eit stykke fram til at mannskapslause ferjer kan segle med passasjerar på norske fjordar, mellom anna på grunn av behov for mannskap ved evakuering i ein eventuell naudsituasjon.
På sikt er det venta at større grad av automatisert drift med null- og lågutsleppsløysingar vil kunne redusere kostnadene til ferjedrift og gjere det mogeleg med drift av ferjesambanda med høg frekvens i store delar av døgnet. Statens vegvesen har i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan 2022-2033 sett i gang ei utgreiing av om høgfrekvente ferjetilbod kan vere med å realisere nokon av dei ønskte effektane av ferjeavløysingsprosjekt, som til dømes utvikling av bu- og arbeidsmarknadsregionar.
Eg meiner likevel at det finst meir naturlege stader også for utprøving av autonome ferjer enn å starte med dei største fjordkryssingane på E39. Eg legg til grunn at prosjekta i NTP skal realiserast. Samstundes legg vi til rette for nye autonome løysingar.