Skriftlig spørsmål fra Tuva Moflag (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2317 (2017-2018)
Innlevert: 20.09.2018
Sendt: 20.09.2018
Besvart: 28.09.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Tuva Moflag (A)

Spørsmål

Tuva Moflag (A): Hvor mange avvik, med hvilke årsaker, har det vært på Østfoldbanen hittil i år, og hvilke strakstiltak vil statsråden iverksette for å bedre situasjonen for de togreisende på strekningen?

Begrunnelse

Østlandets Blad skriver denne uken om tekniske problemer på Østfoldbanen for tredje dag på rad. Dette føyer seg inn i en lang rekke av forsinkelser, tekniske problemer, stengte perioder, personellmangel og andre problemer med togtilbudet på Østfoldbanen. Folk er frustrerte og mister tilliten til at man kan bruke toget som et pålitelig transportmiddel i hverdagen. Dette må statsråden rydde opp i, og strakstiltak bør iverksettes.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Det har dessverre vore mykje feil på Østfoldbanen hittil i år, noko eg ser alvorleg på. Det er svært viktig at togselskapa og passasjerane har moglegheit til å køyre punktlege tog.
Feilstatistikken viser at det til no i 2018 har vore 1686 timar forseinking på Østfoldbanen. Forseinkingane fordeler seg på til saman 4366 avvik eller innstillingar av tog. Dei viktigaste årsakene er planlagt vedlikehaldsarbeid på infrastrukturen (2571), feil på signal- og fjernstyringsanlegg (697) og feil i sporet (253). 185 innstillingar skuldast feil på tog.
Det er sett i verk ei rekke tiltak for å redusere talet på feil som forseinkar toga. Tiltaka har allereie gjeve resultat og Bane NOR ventar ei positiv utvikling utover hausten. Bane NOR har oppretta ei arbeidsgruppe som jobbar intenst med ytterlegare tiltak som kan redusere forseinkingane på kort sikt, samstundes som arbeidsgruppa identifiserer og gjennomfører endringar som betrar trafikkavviklinga på lengre sikt.
Forseinking på andre banestrekningar bidreg også til forseinkingar på Østfoldbanen. Innføring av fullstendig overvaking av sporvekslar og spor mellom Lillestrøm og Asker stasjonar vil redusere talet på forseinkingar som igjen påverkar toga på Østfoldbanen. Eit tiltak som betrar trafikkavviklinga er sonemerking av plattformer på 13 jernbanestasjonar mellom Nordstrand og Kambo stasjon på Østfoldbanen. Dette vil allereie i 2018 bidra til å redusere tida for ombordstiging og dermed stasjonsopphald for toga. For 2019 vil saktekøyring grunna utbyggingsprosjekt bli redusert.
Eg har i møte med både NSB og Bane NOR også vore tydeleg på at eg ventar at dei forbetrar informasjonen til passasjerane når avviksituasjonar oppstår. Den seine og delvis upresise informasjonen som har vore gitt passasjerane ligg under det nivået eg forventar av Bane NOR og NSB.
Dei har no opplyst om at dei jobbar grundig for å også forbetre informasjonen til sine passasjerar ved uplanlagde hendingar.
Eg vil følgje utviklinga nøysamt utover hausten.