Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2330 (2017-2018)
Innlevert: 21.09.2018
Sendt: 21.09.2018
Besvart: 28.09.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for om han har vurdert å leggje årsverkrammene for personell til Kystvakta under deira budsjett post i statsbudsjettet, gitt deira særskilde rolle?

Begrunnelse

Kystvakta uttalar at dei slit med bemanning på fartøya sine. Hovudårsaka til dette er at personellet til Kystvakta ligg under Sjøforsvarets totale pott i budsjettet. Dette gjer at årsverk kan flyttast frå kystvakta til andre delar av Sjøforsvaret slik situasjonen er i dag.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Kystvakta har si økonomiske overføring over statsbudsjettet på eit eige budsjettkapittel (kap. 1790). Dette inkluderer personellutgiftene til Kystvakta, og eg er såleis trygg på at personelldisponeringa til Kystvakta sine viktige oppgåver er tilstrekkeleg prioritert. Desse midlane kan ikkje disponerast annleis utan tilslutning frå Stortinget.
Forsvarsdepartementet styrer ikkje Forsvaret på årsverk, men på økonomisk tildeling og krav til aktivitet. Årsverk er sjølvsagt ein vesentlig økonomisk innsatsfaktor som forsvarssjefen må ta omsyn til for å balansere Forsvarets verksemd i fireårsperioden. Forsvarssjefen har såleis eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at årsverksutviklinga i Forsvaret er forsvarleg med tanke på økonomi og kompetanse, samt i samsvar med målsettingane for gjeldande langtidsplan.
Forsvarssjefen må, for å få effektiv styring, ha høve til å disponere ressursane sine på ein slik måte at han til ein kvar tid kan optimalisere organisasjonen sin. Gjennom dette har også sjef Sjøforsvaret fått ein årsverksbane å styre mot. Innanfor dette blir årsverka disponerte til Marinen og Kystvakta sine fartøy, taktisk leiing og organisasjonen på land.
Sjøforsvaret disponerer til tider noko av Kystvakta sitt seglande personell til andre prioriterte oppgåver. Dette har mellom anna skjedd i samband med:

• operasjon Triton i Middelhavet, der personell har støtta i å drive grensekontroll, stoppe menneskesmugling og til å redde menneske i havsnaud,
• å støtte Marinen med helikopterkontrollkompetanse og
• eit generelt samarbeid og kompetansebygging innanfor det maritime kompetansedomenet.

Som resten av Forsvaret har Kystvakta også eit visst fråvær av personell grunna rettspermisjonar og i samband med kurs- og kompetanseheving.
Eg vurderer det ikkje som formålstenleg å redusere forsvarssjefens handlingsfridom på dette området, då dette vil redusere moglegheita til å kome fram til dei mest effektive løysingane.