Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:2331 (2017-2018) Innlevert: 21.09.2018 Sendt: 21.09.2018 Besvart: 28.09.2018 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen
Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for korleis prosessen med nytt fagmilitært råd vil gå føre seg, kva FFI si rolle i nytt fagmilitært råd vil vere, og om Forsvarssjefen kjem til å leie arbeidet med eit fullstendig fagmilitært råd som tek føre seg heile Forsvaret?
Frank Bakke-Jensen: Regjeringa har starta arbeidet med å utvikla ein ny langtidsplan for forsvarssektoren, og har til føremål å leggja han fram for Stortinget våren 2020. Før regjeringa gjer føringar og rammer for arbeidet med ny langtidsplan, vil eg bruka tida til ein systematisk gjennomgang av utviklingstrekk og kva for høve dei gir. Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) vil gje eit forskingsbasert innspel som del av dette grunnlagsarbeidet. Eg er oppteken av at forsvarssjefen skal ha ei tydeleg rolle i arbeidet med ny langtidsplan. Forsvarssjefen vil involverast i grunnlagsarbeidet og delta i prosjektrådet for arbeidet FFI skal utføre. Når regjeringa har gjeve rammene for arbeidet med ny langtidsplan, vil forsvarssjefen få oppdrag om å utarbeide fagmilitære råd i en heilskapleg samanheng på områder regjeringa vil vidareutvikle. Det er forsvarssjefen sjølv som leier arbeidet med å utvikle fagmilitære råd, og det er difor han som vurderer korleis dette arbeidet skal handterast. Dette inkluderer også eventuell involvering av FFI i utarbeiding av de fagmilitære rådene.