Skriftlig spørsmål fra Øystein Langholm Hansen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2357 (2017-2018)
Innlevert: 26.09.2018
Sendt: 27.09.2018
Besvart: 03.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Øystein Langholm Hansen (A)

Spørsmål

Øystein Langholm Hansen (A): Vil statsråden sørge for at Bane NOR settes i stand til å reparere gjerdene langs Jærbanen, slik at risikoen for kollisjoner mellom dyr og tog kan reduseres?

Begrunnelse

Over lang tid har det vært konflikter mellom bønder langs Jærbanen og Bane NOR fordi statsforetaket ikke lenger er villig til å reparere gjerdene langs banen. Dette begrunnes med at de ikke har penger til reparasjoner og vedlikehold. Undertegnede har hatt flere henvendelser fra lokale bønder som har mistet husdyr på grunn av dette. Det gjelder både kyr, sauer og hunder. Den 25. september ble en nykalva ku kjørt ihjel, noe som naturligvis er et stort tap for melkebonden. Han kontaktet Bane NOR, som svarte at de ikke kom til å erstatte det ødelagte gjerdet. Bondelaget skriver at:

«Bonden har lite fôr og må hauste det han kan ute. Dvs. minst 1 mnd. til ute med beiting der BaneNor nå lar gjerdet ligge. Dei har fram til nå alltid gjerda.»

Bøndene har for øvrig ikke lov til å bevege seg på banelegemet for å jage husdyr tilbake på jordene.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Påkøyrslar av husdyr gjer inntrykk og er sjølvsagt svært uheldig. Bøndene som vert råka har mi medkjensle. Likevel inneberer drift av eit jernbanenett at det dessverre kan førekomme påkøyrslar av dyr. Innsatsen må difor rettast mot å førebyggje uhell der det er føremålstenleg.
Det jobbast aktivt med å førebyggje dyrepåkøyrslar, mellom anna gjennom å sette opp gjerder langs jernbana, både på Jærbanen og dei øvrige delane av jernbanenettet. I utgangspunktet er det inga generell plikt til å gjerde langs jernbana, men det vert vurdert etter kvar gjerding vil ha størst verknad.
Bane NOR fordeler midlar til dette føremålet innanfor sitt budsjett og i tråd med avtale med direktoratet. Effektar og mål vert følgde opp av Jernbanedirektoratet og rapportert vidare til Samferdsledepartementet. Det er avgrensa med ressursar til rådigheit for gjerding, og ressursane prioriterast der dei har størst effekt. I tillegg må ein sjå gjerding i samanheng med andre tiltak som vert sette i verk for å førebygge dyrepåkøyrslar.
Det er sett i gang eit arbeid på Jærbanen for å vurdere tilstanden på gjerda og gjennom ein handlingsplan vurdere kvar dei skal oppretthaldast/fornyast og om det nokre stader vil vere eit alternativ å overdra gjerdet til grunneigar. Fleire stader langs banen er det gjerder av høg kvalitet og grunneigar vil då eventuelt kunne få moglegheit til å ta over gjerdet, mot at han/ho også tek over framtidig vedlikehald.