Ingrid Heggø (A): Det er store geografiske skildnader på kva innbyggarane må betale i nettleige, og det er folk og næringsliv i områder med store fornybare energiressursar som må betale rekninga for nettutbygginga. Krafta vert bygd ut lokalt og forbrukt nasjonalt. Sogn og Fjordane har overskot på kraft og næringsliv og befolkninga i fylket bet skyhøg nettleige. Dette er svært urettferdig. Utgreiing av forskjellige ordninger med rettferdig nettleige vart vedteke i Stortinget forrige sesjon.
Når kjem saka til Stortinget?
Begrunnelse
I Noreg er det store geografiske skilnader på kva innbyggjarane må betale i nettleige. Nettleiga varierer med svimlande 1000 kr per månad mellom dei husstandane som betaler mest og dei som betalar minst i nettleige. Det er folk og næringslivet i område med store fornybare energiressursar som må betale rekninga for nettutbygginga til ny fornybar energi. Dette meinar Arbeidarpartiet er ingen berekraftig og rettferdig modell.
For eksempel står Sogn og Fjordane for ti prosent av den norske kraftproduksjonen. Vi produserer årleg 15 TWh noko som tilsvarande straumforbruket til 560 000 husstandar. Vi har store fornybare ressursar, og kvart femte planlagde vasskraftprosjekt ligg i fylket vårt. Store geografiske avstandar, krevjande geografi og lite folk å fordele kostnadene på, gjev distrikta urettvis høg nettleige slik fordelingsmodellen er no. Krafta vert bygd ut lokalt og forbrukt nasjonalt evt. internasjonalt. Det kan ikkje vere slik at fornybarområda skal ta rekninga for nettutbygginga for kraft som skal nyttast primært i andre landsdelar, eller vert eksportert.
Vi treng ei nasjonal og rettferdig utjamning av nettleiga i distribusjonsnettet, slik vi har hatt for transportnettet.