Skriftlig spørsmål fra Tuva Moflag (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2384 (2017-2018)
Innlevert: 28.09.2018
Sendt: 01.10.2018
Besvart: 10.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Tuva Moflag (A)

Spørsmål

Tuva Moflag (A): Synes statsråden det er riktig at passasjerene skal betale full pris på en tjeneste med så store mangler?

Begrunnelse

I sitt svar på mitt spørsmål Dokument nr. 15:2317 (2017-2018) sier samferdselsministeren at feilstatistikken viser at det til nå i 2018 har vært 1.686 timer forsinkelser på Østfoldbanen. Forsinkelsene fordeler seg på til sammen 4.366 avvik eller innstillinger av tog.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Nei, eg meiner passasjerane bør vente å få levert dei tenestene som dei betaler for. Dersom det ikkje skjer vil NSB sine transportvilkår gjelde for passasjerane som reiser med NSB Rettigheitane etter transportvilkåra er eit supplement til reglane i forskrift om jernbanepassasjerers rettigheter og forpliktelser av 3. september 2010.
Det følgjer av transportvilkåra for NSB at kundane har krav på prisavslag ved forseinkingar og innstillingar. Dersom ein avgang er meir enn 30 minutt forseinka, får kundane refundert 50% av billettprisen. Det same gjeld dersom toget er innstilt og det er meir enn 30 minutt til neste avgang. For reisande med periodekort er det lage ein nøkkel for rekning av andel. NSB har laga ei svært enkel løysning på heimesida si for å krevje refusjon. Eg oppmodar passasjerane som opplev at dei ikkje får det tilbodet dei kan vente til å krevje refusjon i trå med NSB sine transportvilkår.