Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Talet på inkassosaker i Noreg veks sterkt. I 2017 var det 8.628.741 saker mot 5.172.610 i 2010, ifylgje Finanstilsynet. Sett i relasjon til innbyggjartalet har Noreg no høvesvis om lag to og tre gonger så mange inkassosaker som Sverige og Finland, ifylgje tal eg har fått sjå.
Meiner statsråden verkeleg at det er tilstrekkeleg å ta seg god tid til å sjå på «noen enkeltspørsmål i tilknytning til inkassoloven» når ein ser slike tal, og er ikkje statsråden uroa for at inkassotala kan verte endå verre no som styringsrenta vert auka?
Begrunnelse
I svaret sitt på spørsmål 2338 frå representanten Ole André Myhrvold skriv statsråden at det berre er sett ned ei arbeidsgruppe for å sjå på «noen enkeltspørsmål i tilknytning til inkassoloven». Det vil altså ikkje verte nokon fullstendig gjennomgang av lovverket, slik m.a. Finanstilsynet har teke til orde for. Og det vil ikkje verte laga nokon ny lov, sett ned eit breitt samansett utval eller laga noka NOU.
Eg er bekymra for at statsråden i tilnærminga si til saka ikkje går grundig nok til verks. Det er mange kjelder til uro her, ikkje berre inkassotala i seg sjølv. Bladet Regnskap og økonomi melder i si septemberutgåve til dømes om at talet på utleggsforretningar har aukt frå 220 000 i 2010 til 410 000 i 2017. Samstundes kan renteauke føre til at endå fleire familiar og einskildpersonar får betalingsproblem. Vi taler om svært mange lagnader her, og slike inkassosaker og utleggsforretningar kan vere svært alvorlege for dei det gjeld.
Når ein ser negativ statistikk som viser dobling på få år, og som ligg på eit nivå som er skyhøgt over grannelanda våre, skulle ein vente eit sterkt sakleg engasjement frå sitjande statsråd. I staden får ein eit skrivebordssvar frå statsråden der han ramsar opp formalitetar i staden for å gå inn i den saklege problemstillinga.
Eg ber om at statsråden i svaret sitt på dette spørsmålet gjer greie for korleis han ser på saka og kva han tenkjer å gjere for dei mange tusen som hamnar i uføret som fylgje av inkassoproblematikken. Det formelle rundt rollefordelinga mellom Stortinget og regjeringa er mindre interessant enn alle dei lagnadene som ligg bak denne nedslåande statistikken.