Kjersti Toppe (Sp): Er statsråden fornøgd med utviklinga i behandlingstid hos Norsk pasientskadeerstatning (NPE), og dersom ikkje, kva gjer regjeringa av tiltak for å få ned saksbehandlingstida slik at pasientar får behandla sine saker før det går urimelig lang tid og kan statsråden gjere greie for om tildelte ressursar til ordninga er i tråd med behova og ABE-reforma sine konsekvensar for NPE?
Begrunnelse
Viser til sak på NRK 22/09-18 om ein pasient som døydde i mars i år. Dermed fekk han aldri vite korleis det gikk med klagesaka hans hos NPE som hadde avslått å kompensere han for feilbehandlinga han meinte sjukehuset utsette han før. Pasienten hadde venta i heile 19 månader på det fyrste svaret frå NPE.