Kjersti Toppe (Sp): Forsvarer statsråden kutt i barseltilbodet ved St. Olavs og kan statsråden garantere at den økonomiske situasjonen og bemanninga på fødeavdelinga på St. Olavs er slik at dei nasjonale faglege retningslinene for barselomsorg og for fødetilbodet blir fylgt opp?
Begrunnelse
Viser til oppslag i Adresseavisa 5.10.18 om at fødeavdelinga ved St. Olavs må kutte 8 millionar. Det har ført til at sju av 28 barselrom er stengt. Det har ført til opprør blant dei tilsette, og at kvinner etter fødsel må rundt på andre avdelingar på sjukehuset før dei og barna kan få seng i barselavdelinga.