Skriftlig spørsmål fra Tellef Inge Mørland (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:116 (2018-2019)
Innlevert: 11.10.2018
Sendt: 12.10.2018
Besvart: 19.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Tellef Inge Mørland (A)

Spørsmål

Tellef Inge Mørland (A): Kan statsråden stadfeste at regjeringa vil løyve midlar til oppstart av Besteland-Helle på riksveg 9 i revidert statsbudsjett, kor stor er denne løyvinga, kan Statens vegvesen på bakgrunn av denne budsjettlekkasjen no gå i gong med å førebu oppstart av denne parsellen, slik at ein sikrar ei kontinuerleg utbygging, og kvifor har ein ikkje omtala oppstarten av strekninga i statsbudsjettet for 2019, dersom det allereie no er klart at det kjem midlar til den i revidert statsbudsjett?

Begrunnelse

I desember 2017 gjorde Stortinget fylgjande vedtak for å sikre ei kontinuerleg utbygging av riksveg 9 i Setesdal:

«Stortinget ber regjeringen sikre og prioritere en rask, sammenhengende og effektiv utbygging av Kjevikveien og rv 9 Setesdal i tråd med føringene gitt i Innst. 460 S (2016-2017) Nasjonal transportplan.»

Transport- og kommunikasjonskomiteen sitt einstemmige vedtak ved handsaminga av Nasjonal transportplan (Innst. 460 S (2016-2017) var utforma slik:

«Komiteen forventer at utbedringsarbeidet «Gul stripe til Hovden» fortsetter som en sammenhengende utbygging i samarbeid mellom lokale og regionale myndigheter.»

På trass av dette legg samferdsleministeren likevel ikkje opp til nokon oppstart av den neste strekninga på riksveg 9 Besteland – Helle i statsbudsjettet for 2019, sjølv om noverandre strekning under utbygging Bjørnaråa – Optestøyl vert ferdigstilt i 2019.
Framstegspartiet sin stortingsrepresentant Åshild Bruun-Gundersen kan imidlertid i Setesdølen torsdag 11.oktober røpe at regjeringa har sett av midlar til oppstart av strekninga Besteland – Helle på riksveg 9 i revidert statsbudsjett i 2019. Dette seier ho etter å ha vore i tett dialog med statssekretærane i samferdsledepartementet.
Det er for underteikna noko overraskande at ein allereie før statsbudsjettet for 2019 er vedteke, kjem med lekkasjar frå revidert statsbudsjett som fyrst kjem til våren, og det er difor ynskjeleg at statsråden kan stadfeste denne budsjettlekkasjen.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: I Meld. St. 33 (2016-2017) Nasjonal transportplan 2018-2029 er rv 9 i Setesdal ein av ni prioriterte utbetringsstrekningar. Dette inneber at det lagt til grunn statlege midlar til utbetring av ein rekke delstrekningar på rv 9 i Setesdal, jf. sidene 92 og 288 i meldinga.
Dei økonomiske rammene til programområdetiltak gir ikkje rom for å så omfattande utbetringar av dei prioriterte strekningane som ulike fleirtall i transport- og kommunikasjonskomiteen har lagt til grunn. Dette gjelde både for rv 9 i Setesdal og fleire andre strekningar.
I følgje Statens vegvesen ligg det enno ikkje føre vedtatt reguleringsplan for delstrekninga Besteland S – Helle N, noko som er ein føresetnad for at eit prosjekt kan takast opp til løyving. Det er derfor ikkje foreslått midlar til prosjektet i statsbudsjettet for 2019. Tidspunktet for anleggsstart på denne strekninga må eg komme tilbake til når det ligg føre nærare avklaringar.
Revidert statsbudsjett vert lagt fram i mai 2019, og det er ikkje teke stilling til prioriteringar i den samanhengen på det noverande tidspunkt. Representanten Bruun-Gundersen har i lang tid vist stort og positivt engasjement for samferdsel i Agder, inkludert rv 9. Eg går ut ifrå at eg fortsatt får høg etterspørsel etter leveranse på dette i dei komande budsjettprosessane. Det er likevel avgjerande med ei planavklaring. Eg set pris på engasjementet frå våre lokale storingsrepresentantar, og dei har naturlegvis påverknad på prioriteringar som vi gjer.