Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:125 (2018-2019)
Innlevert: 12.10.2018
Sendt: 12.10.2018
Besvart: 19.10.2018 av forsknings- og høyere utdanningsminister Iselin Nybø

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vil regjeringa revurdere beslutninga om å utestenge Universitetet i Bergen (UiB) på eigarsida av forskningsfartøyet Kronprins Haakon, og sørge for at UiB blir med på eigarsida og slik også blir sikra tokttid?

Begrunnelse

Kunnskapsdepartementet har ikkje følgd opp UiB sitt ynskje om å få bli med på eigarsida av forskningsfartøyet Kronprins Haakon. UiB har bedt om å få 20 prosent av tokttida på forskningsfartøyet til 1,4 milliardar kroner. Polarinstituttet står som juridisk eigar av fartøyet, og har 30 prosent av tokttida. Havforskingsinstituttet driftar og rår over 20 prosent av tokttida. Dei resterande 50 prosentane er det UiT (Norges arktiske universitet) som har fått. UiB står for det klart største volum av polarforskning i landet, men er ikkje garantert tokttid og er ikkje med på eigarsida .

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Nærings- og fiskeridepartementet har ansvar for utgreiing og kvalitetssikringsprosessen i forkant av avgjerda om å byggje nytt isgåande forskingsfartøy og anskaffing av det nye fartøyet, "Kronprins Haakon". Klima- og miljøministeren har ansvaret for polarforskinga. Eg svarar på spørsmålet med bakgrunn i mitt ansvar for universiteta og den overordna forskingspolitikken.
Stortinget vedtok startløyving for nytt isgåande forskingsfartøy i statsbudsjettet for 2013. Konseptvalet som ligg til grunn for prosjektet er basert på at det nye fartøyet skal erstatte forskingsfartøya "Lance", som er eigd av Norsk Polarinstitutt (NP) og "Helmer Hansen (tidlegare under namnet "Jan Mayen", som er eigd av Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT). Det var ein føresetnad at driftsløyvinga til dei fartøya som etter planen skulle fasast ut, skulle finansiere drifta av det nye isgåande forskingsfartøyet. Det er med andre ord ikkje løyvd eigne "friske" midlar til drift av det nye fartøyet.
Det er inngått ein avtale mellom UiT, NP og Havforskingsinstituttet (HI) om eigarskap og drift av fartøyet. NP skal forvalte eigarskapen til fartøyet, medan HI skal ha ansvar for drifta. Fordelinga av driftsutgifter og bruksdel av fartøyet følgjer denne nøkkelen: UiT 50 prosent, NP 30 prosent og HI 20 prosent. Fordelinga av driftskostnader og bruk av "Kronprins Haakon" er basert på fordelinga av driftskostnadene til dei fartøya som skulle ha vore fasa ut.
UiT har ikkje fasa ut "Helmer Hansen", men dei vil fortsatt dekke 50 prosent av driftskostnadane for "Kronprins Haakon" og disponerer brukstid tilsvarande.
NP, HI og UiT har i samsvar med samarbeidsavtalen høve til å leige ut det isgåande forskingsfartøyet til ein tredje part innanfor den brukstida dei respektive institusjonane disponerer. Det er derfor høve for andre institusjonar å leige tokttid på "Kronprins Haakon". Føresetnaden er at det blir gjort ein avtale med ein av institusjonane som har bruksdel i fartøyet, og at kostnaden ved bruk av fartøyet blir fullfinansiert.
Eit eksempel på dette er prosjektet "Arven fra Nansen". Prosjektet medverkar til å synleggjere norsk ansvar og leiing når det gjeld forsking og forvaltning i Arktis. Eitt av måla for prosjektet er å sikre god utnytting av det nye isgåande forskingsfartøyet "Kronprins Haakon". Prosjektet er under Noregs forskingsråd med eiga løyving på statsbudsjettet. Prosjektet har, i samarbeid med institusjonane som har bruksdel i "Kronprins Haakon", planlagt at prosjektet skal nytte til saman eitt år med tokttid i løpet av ein femårsperiode. I dette prosjektet deltek også institusjonar som ikkje har bruksdel i fartøyet.
I 2018 er det inngått ein avtale mellom UiB og NP for å styrke det faglege samarbeidet og utnytte infrastruktur optimalt. UiB vil gjennom dette samarbeidet mellom anna delta på toktet til Antarktis vinteren 2018–2019.
Forskingsfartøy er verktøy i forskinga, i likskap med laboratorium, forskingsstasjonar, tungrekningskapasitet, satellittar med meir. Spørsmålet om dei beste forskingsprosjekta blir prioriterte er med andre ord eit spørsmål om forskingsfinansieringa generelt sørger for dette. Finansieringa av forsking skjer både gjennom direkte løyvingar til institusjonane og gjennom Noregs forskingsråd – både opne program og temaprogram. Kva som er dei beste forskingsprosjekta vil avhenge av kva som er formålet med finansieringa av forskinga.
Eg viser også til svar på spørsmål nr. 75 (2018-2019) frå Fiskeriministeren til stortingsrepresentant Ruth Grung.