Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:128 (2018-2019) Innlevert: 12.10.2018 Sendt: 12.10.2018 Besvart: 19.10.2018 av næringsminister Torbjørn Røe Isaksen
Geir Pollestad (Sp): Kva er regjeringa si definisjon av sjøfolk?
Torbjørn Røe Isaksen: Etter skipsarbeidslova vil arbeidstakarar som har arbeidet sitt om bord på (norske) skip vere å rekne som sjøfolk. Tilsvarande er dette den etablerte internasjonale definisjonen i ILO-konvensjon nr. 186 om sjøfolka sine arbeids- og levevilkår (Maritime Labour Convention), der "sjømann betyr enhver som er ansatt eller engasjert eller arbeider i enhver egenskap om bord på et skip som omfattes av denne konvensjonen". Noreg har ratifisert denne konvensjonen som blei sett i kraft 20. august 2013. For praktiske føremål vil dette vere ei dekkande omtale av sjøfolk, sjølv om det sikkert er nokre nyansar i regelverket som kunne blitt omtala nærare. Regjeringa har, i samarbeid med SSB, skaffa tal med oversikt over utviklinga når det gjeld norske sjøfolk dei siste åra. I desse tala inngår dei meir tradisjonelle maritime yrka innan dekk og maskin, men også tilsette i forpleiing, som er ein viktig del av besetninga på passasjerskip, og anna mannskap som har arbeid i tilknyting til ulike næringsaktivitetar som blir utførte frå skip. I dette arbeidet har vi dialog med næringa der vi går gjennom alle dei ulike stillingstypane som finst på norske skip.