Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:172 (2018-2019) Innlevert: 18.10.2018 Sendt: 18.10.2018 Besvart: 23.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Tor André Johnsen (FrP): Fartsgrensene på norske veier er lave sammenliknet med nabolandene våre. Mange bilister opplever nok at fartsgrensene ikke reflekterer veiens standard. Bedre veikvalitet og sikrere biler bidrar til færre ulykker på veiene. Settes fartsgrensene for lavt svekker dette respekten for fartsgrense systemet. Fartsgrensene i Norge må økes slik at de bedre reflekterer veiens standard og dermed også respekten for de fartsgrensene som settes. Vil statsråden ta et initiativ slik at vi får etablert "rett fart på rett vei"?
Jon Georg Dale: Denne regjeringa har gjennomført store reformer for å få meir veg for pengane. Gjennom reformarbeidet og Nasjonal transportplan er det høgt prioritert å auke den samfunnsøkonomiske nytta av investeringar i vegsektoren. Bygging av veg er viktig for å få varar raskt fram og redusere reisetida for folk. Regjeringa vil gjere reisekvardagen til folk så enkel, sikker og effektiv som mogleg. For å få til dette har investeringar i nye vegprosjekt hatt høg prioritet dei siste åra, og standarden på vegane er heva for at transporten skal gå raskt, effektivt og sikkert. Riktige fartsgrenser er vesentleg for å kunne utnytte veginfrastrukturen best mogleg. Den respekten trafikantane har for skilta fartsgrenser, avheng også av at grensene verkar fornuftige og logiske ut frå korleis trafikantane sjølv oppfattar forholda på vegstrekninga. Eg meiner det er viktig at fartsgrensene på vegnettet blir gjennomgått for å sikre at dei best mogleg speglar det rette fartsnivået. Dette vil gje auka respekt for og større forståing for fartsgrensa. Eg har difor bedt Vegdirektoratet å kartleggje strekningar der fartsgrensa er satt ned frå den fartsgrensa vegen er dimensjonert for, og vurdere auka fartsgrense.