Skriftlig spørsmål fra Tuva Moflag (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:204 (2018-2019)
Innlevert: 22.10.2018
Sendt: 22.10.2018
Besvart: 31.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Tuva Moflag (A)

Spørsmål

Tuva Moflag (A): Vil statsråden ta initiativ til å innlemme en enkel refusjonsordning, som tar utgangspunkt i punktligheten på den aktuelle strekningen, i NSB-appen?

Begrunnelse

Viser til svar i spørsmål 15:2384 (2017-2018), der statsråden fastslår at passasjerene ikke skal betale full pris for en tjeneste med store mangler.
Tall i en NRK-sak fra 22. oktober viser at danske DSB betaler ut langt større summer i kompensasjon til passasjerene enn norske NSB, samt at dette skjer i en enkel, automatisert løsning for de reisende.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Fleirtalet av kundane til toget reiser i område der det er takstsamarbeid med fylka og køyrer dermed på sonetakst. Det inneber blant anna at dei reisande berre treng å oppgje sona/sonene dei reisande reiser i og ikkje enkeltstrekninger. Dermed vil ei løysing med automatisk utbetaling av refusjon ved forseinking ikkje kunna la seg gjennomføre for fleirtalet av reisene, då kundane ikkje har kjøpt billett for den spesifikke togavgangen. Det vert sett på som føremålstenleg at den togoperatøren som har inntektsansvaret vurderer kva for ordningar som skal tilbydast til dei reisande på dei ulike strekningane utover dei minimumskrava som er sett fast. Ved konkurranseutsetting er passasjerrettar og kundetilfredsheit eit sentralt element i vurderinga av tilboda, og denne prosessen vert forventa å driva fram betre ordningar for dei reisande.
Det er allereie i dag slik at kundane har krav på prisavslag ved forseinkingar og innstillingar. I transportvilkåra for NSB ligg dette til grunn. Dersom ein avgang er meir enn 30 minutt forseinka, får kundane refundert 50 % av billettprisen. Det same gjeld dersom toget er innstilt og det er meir enn 30 minutt til neste avgang. For reisande med periodekort er det lage ein nøkkel for rekning av andel. NSB har laga ei svært enkel løysning på heimesida si for å krevje refusjon.
Erstatningsordninga som er etablert i Noreg ved togforseinkingar, er betre enn krava i jernbanepassasjerrettsforskrifta som implementerer EF-forordning nr. 1371/2007. Krava i forordninga er at toget må være forsinket meir enn 60 minuttar skal passasjerer ha krav på refusjon.
Om nye teknologiske- og billetteringsmessige løysingar skulle muliggjere ei enklare refusjonsordning i framtida, vil eg i utgangspunktet legge til rette for det.