Skriftlig spørsmål fra Tellef Inge Mørland (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:227 (2018-2019)
Innlevert: 25.10.2018
Sendt: 25.10.2018
Besvart: 31.10.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Tellef Inge Mørland (A)

Spørsmål

Tellef Inge Mørland (A): Vil statsråden sørge for at den nasjonale TT-ordningen vil gjelde for hele Agder, når de to agderfylkene blir slått sammen?

Begrunnelse

I dag er Aust-Agder med i den nasjonale TT-ordningen, for å løfte reisetilbudet til blinde / svaksynte og rullestolbrukere. Vest-Agder er ikke en del av denne nasjonale støtteordningen. Fra 2020 skal disse to fylkene slå seg sammen. Forslaget til statsbudsjett gir ikke en avklaring på hvilke konsekvenser regionreformen vil få for de som i dag har glede av den utvidede nasjonale TT-ordningen.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Den utvida TT-ordninga er ei statleg tilskotsordning der fylkeskommunane kan søkje om toppfinansiering for å gi brukarar med særskilde behov eit utvida transporttilbod utover tilbodet i fylkeskommunane sine eigne TT-ordningar.
Løyvingane til ordninga har auka dei siste åra, og for budsjettåret 2018 løyvde Stortinget 112,9 mill. kroner til føremålet. I 2018 har Samferdselsdepartementet delt ut om lag 94,5 mill. kroner til dei sju fylkeskommunane som allereie var med i ordninga. I tillegg har departementet delt ut om lag 20,8 mill. kroner til ytterlegare utviding av ordninga til å gjelde Vestfold og heile Trøndelag (tidlegare Sør-Trøndelag) fylkeskommunar frå 1. juli 2018.
For 2019 har regjeringa foreslått ei løyving på 139,2 mill. kroner til ordninga. Framlegget til løyving dekker i utgangspunktet ei vidareføring for dei fylka som allereie er inne i ordninga.
Tilskotet blir delt ut frå ei heilskapleg vurdering av dei mottekne søknadane, basert på kriteria i retningslinene for ordninga. I retningslinene står det mellom anna at fylkeskommunar som tidlegare har fått tilskot, vil bli prioritert der tilfredsstillande rapportering er motteken, slik at brukarar ikkje skal miste eit allereie etablert utvida tilbod.
Om det på eit seinare tidspunkt vert løyvd ytterlegare midler til ordninga, vil departementet vurdere søknadar ut frå retningslinene og tidlegare praksis. Det følgjer av retningslinene at departementet primært ønsker at heile fylker vert omfatta av ordninga. Søknaden om å utvide ordninga til heile Trøndelag vart prioritert fordi dåverande Nord-Trøndelag var med i ordninga, og ordninga då ville gjelde for heile det nye fylket.