Ingrid Heggø (A): I samband med foreslegne kommunesamanslåinger er det oppstått spørsmål om samanslåinga si betydning for kommunane sin utskriving av eigedomsskatt.
Kva skattesats skal nyttast ved utskriving av eigedomsanlegg første år for samanslåtte kommunar?
Begrunnelse
Etter eiendomsskattelova § 13 kan eiendomsskatt skrivast ut med sats på to promille første året, og deretter aukast med to promille kvart år. Frå 1.1.2019 vert lova endra slik at første året det vert skrive ut eigedomsskatt, så er satsen éin promille, og deretter kan satsen auke med éin promille kvart år. Maksimal sats skal frå 1.1.2019 vera fem promille for bustader og fritidseigedomar, mens maksimal sats for andre eigedomer, herunder vannkraftverk, kraftlinjer mv, er sju promille. Etter bestemmelsens siste ledd kan det ved endring av kommunegrenser skrives ut eiendomsskatt etter same satser som før utvidinga. Spørsmålet går på om dette også gjeld ved kommunesamanslåingar, eller vil den nye samanslåtte kommunen bli sett på som ein ny kommune. For kommunar med vannkraftanlegg er spørsmålet av stor betydning, sidan dei fleste kommunar med slike anlegg nyttar sju promille. Ein reduksjon til éin promille vil såleis gje eit betydelig skattebortfall. Finansdepartementet har i fleire tolkningsuttalelser lagt til grunn at ved kommunesamanslåing kan eiendomsskatt vidareføres på same nivå. I brev 23.9.1991 uttaler departementet at i den nye sammenslåtte kommunen Sarpsborg, kunne satsen for året etter samanslåinga ta utgangspunkt i satsen som blei nytta i Sarpsborg før samanslåing. I seinare uttalelser har Finansdepartementet har tidlegare uttalt at ved utvidelse av området for eiendomsskatt kan den tidligare skattesatsen nyttast, og vist til at når det allereie er innført eigedomsskatt, så gjer ikkje innrettelseshensyn seg gjeldande på same måte. Ved kommunesamanslåing er det i tillegg eit moment at kommunane sine eiendomsskatteinntekter ikkje bør bli redusert som følge av kommunesamanslåinga.
Kraftselskapa har heller ikkje hatt ein forventning om redusert eiendomsskatt som følgje av kommunesamanslåingen.