Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:339 (2018-2019) Innlevert: 09.11.2018 Sendt: 09.11.2018 Besvart: 16.11.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale
Lars Haltbrekken (SV): Torsdag 8. november kolliderte fregatten KNM Helge Ingstad som var på vei tilbake fra Nato-øvelse, med kolliderte med en fullastet oljetanker på Vestlandet. Det kunne ha utviklet seg til en katastrofe. Tankskipet var fullastet med 625 000 fat med råolje. Oljen kunne dekket strender fra Vestlandet til Nord-Norge. Heldigvis ser det ut til at naturen slipper unna noe større skade. Spørsmålet til statsråden er hvilke tiltak som var satt i verk for å styrke oljevernberedskapen under Nato-øvelsen?
Jon Georg Dale: Kystverket har det faglege ansvaret for staten sin beredskap mot akutt forureining, og har vore med i planlegginga av øvinga Trident Juncture sidan 2017. Kystverket har gitt Forsvaret informasjon om tiltak som kan hindre oljeutslepp og tiltak som kan setjas i verk dersom det skulle bli eit oljeutslepp. Forsvaret arrangerte eit miljøseminar vinteren 2018 der ein drøfta tiltak for å styrke beredskapen mot akutt forureining under NATO-øvinga. Under øvinga er det på tilsvarande måte som ellers i året, lagd vekt på ei rask og effektiv varsling, avklaring av ansvar og roller og aksjonering for å redusera skader på miljøet, anten det er utslipp på land eller sjø. Etter råd frå Kystverket har Forsvaret inngått samarbeid med lokale brannvesen/interkommunale utval mot akutt forureining (IUA) for å styrke beredskapen mot akutt forureining på land. Beredskap mot akutt forureining til sjøs er blitt styrka spesielt i dei områda kor fartøy frå andre land har kome med materiellstøtte. Kystverket har mellom anna flytta eigne fartøy til desse områda for å kunne setje i verk eventuelle oljeverntiltak på kort varsel. Dei interkommunale utval mot akutt forureining i desse områda har, i samarbeid med Kystverket, vurdert eventuelle ytterligare tiltak for å styrke oljevernberedskapen.NATO-øvinga har omfatta eit stort sjøområde. Dei fleste Kystvaktskipa, med oljevernutstyr om bord, har vore sentralt plasserte i øvingsområdet. Dei ville då kunne setje ut oljelenser på kort varsel i tillegg til at Kystvakta er godt eigna til å leie oljevernaksjonar til sjøs. Under den feltmessige delen av øvinga har Kystverket i tillegg hatt liaisonar hos Forsvaret for å bidra med avklaringar om tiltak som tryggjer sjøtryggleik som bruk av los, navigasjonsvarsel samt oljevernmessige tiltak.I tillegg til det som en nemnt over, vil eg også vise til informasjon som er lagt ut på Kystverkets internett side: https://www.kystverket.no/Nyheter/2018/september/ekstra-fokus-pa-beredskap-under-trident-juncture/Til slutt vil eg leggje til at Kystverket har eit godt samarbeid med Forsvaret om oljevernberedskap og tiltak for å førebygge oljeutslepp gjennom heile året.