Skriftlig spørsmål fra Ingalill Olsen (A) til justis-, beredskaps- og innvandringsministeren

Dokument nr. 15:367 (2018-2019)
Innlevert: 14.11.2018
Sendt: 14.11.2018
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 20.11.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Ingalill Olsen (A)

Spørsmål

Ingalill Olsen (A): Vurderer statsråden at sikkerheten og beredskapen er på et tilfredsstillende nivå for luftambulansen og sivil luftfart i Finnmark, etter at politiet går ut og advarer om russisk forstyrrelser av GPS-signaler?

Begrunnelse

I NRK i dag kunne vi høre at politiet i Finnmark for første gang går ut og advarer om at russisk jamning av GPS-signaler kan gå ut over beredskapen og sikkerheten i Norge. De opplyser også at tre ganger siden september i fjor har forstyrrelser av GPS-signalene i Finnmark ført til trøbbel for den sivile lufttrafikken.
Vi har lest i media at norske passasjerfly har rapportert om GPS-forstyrrelser i luftrommet over Øst-Finnmark. Dette gjelder også ambulansefly. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) har også bekreftet hendelsene overfor NRK.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Luftfartstilsynet har gjeve opplysningar om forstyrring av GPS-signal i perioden frå 16. oktober til 9. november 2018. Dei fleste hendingane er registrert i luftrommet rundt Kirkenes terminalområde. Det er også registrert forstyrring til og frå andre flyplassar i Øst-Finnmark. Luftfartstilsynet varsla Avinor og dei største flyselskapa (Widerøe, SAS, Norwegian og Lufttransport).
Når flygarar opplever forstyrringar ved at GPS-signaler fall bort, nyttar dei i staden tilgjengelege bakkebaserte system for navigasjon, som ikkje treng GPS-signaler. På den måten kan flygingane gjennomførast på ein sikker måte. Alle flyplassane som bortfallet av GPS-signaler har hatt følgjer for, har bakkebaserte system tilgjengeleg. Luftfartstilsynet har opplyst at hendinga der flyginga til eit ambulansefly blei avbrote, hadde som hovudårsak at det var ein teknisk feil på det bakkebaserte systemet.
Eg ser alvorleg på situasjonar med bortfall av GPS-signaler fordi slike signaler har stor viktighet på mange område i samfunnet. Eg kjenner likevel ikkje til tilfelle der tryggleiken i luftfarten har vore trua som følgje av bortfall av GPS-signal, og eg meiner at tryggleik og beredskap er tilstrekkeleg som følgje av at alternative system er tilgjengelege.