Skriftlig spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:390 (2018-2019)
Innlevert: 16.11.2018
Sendt: 16.11.2018
Besvart: 26.11.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): De fem fartøyene i sambandet Horten - Moss går alle på fossilt drivstoff. Anbudet til Bastø Fosen AS fikk anbudet før stortingets vedtak om utslippskrav fikk virkning (kontrakt 1.1.2017 - 31.12.2026). Utslippene på dette sambandet er om lag 28000 tonn CO2 per år. Nå har selskapet på eget initiativ under bygging en plug-in hybrid ferge som kan gå på batterier innen to år dersom det er ladekapasitet tilgjengelig.
Vil statsråden medvirke til at staten bidrar med støtte til et spleiselag som gjør dette mulig?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Riksvegferjesambandet Moss - Horten vert drifta med utgangspunkt i dei krava som låg til grunn ved utlysning av gjeldande kontrakt. Kontrakten starta opp 1. januar 2017 og går ut 31. desember 2026. Kontrakta vart lyst ut på anbud i 2014. I konkurransegrunnlag vart det stilt strenge krav til NOx-utslepp, og miljø vart vekta ved tildeling av kontrakt.
I kontraktsperioden er ferjeselskapet Bastø Fosen AS ansvarleg for inntekter og kostnader i drifta av sambandet. Dersom det skulle vere behov for å gjere endringar i føresetnadane for drifta må det bli gjort ei konkret vurdering om oppdragsgjevar har høve til dette etter lov og forskrift om offentlige anskaffelser. Bastø Fosen AS har uansett høve til å søke staten sitt verkemiddelapparat om midlar til å gjennomføre tiltak for å redusere utsleppa dersom dette ikkje går ut over den transporttenesta som trafikantane på sambandet Moss-Horten i følgje kontrakten skal ha tilgang til.
Regjeringa vil stille krav til null- og lågutsleppsteknologi ved utlysing av nye ferjeanbod der det ligg til rette for det. Ny kontrakt for drift av riksvegferjesambandet Moss - Horten skal etter planen starte opp 1. januar 2027. Det førebuande arbeidet til neste utlysing av sambandet er framleis i ein tidleg fase, men førebelse vurderingar tilseier at det bør vere mogleg med vesentleg grad av elektrifisering av dette sambandet. Statens vegvesen vil greie ut dette vidare. Mellom anna vil kostnadar ved oppgradering av straumnett bli vurdert opp mot alternative null- og lågutsleppsteknologiar.