Kjersti Toppe (Sp): Vil regjeringa vurdere endringar i forskrift for pasientbetaling ved poliklinikk på sjukehus slik at det framleis vert mogleg for sjukehusa å ta betalt for hormonspiral dersom dette er behandling for ein tilstand og ikkje berre prevensjon, eller på anna vis kompensere sjukehusa for tap av eigenandel ved slike tilstander?
Begrunnelse
Forskrift om betaling fra pasienter for poliklinisk helsehjelp i spesialisthelsetjenesten ( FOR-2016-12-20-1848) slår fast at sjukehusa ikkje kan ta betalt for hormonspiral dersom den var behandling for ein tilstand, ikkje berre prevensjon. Underteikna er gjort kjent med at i enkelte føretak har denne forskrifta ført til praksisendringar i spesialisthelsetenesta, der ein på gynekologisk poliklinikk ikkje lenger tilbyr denne behandlinga, for eksempel ved blødningstilstandar. Årsaka er at det blir eit stort økonomisk tap for avdelinga. Legane må i staden skrive ut resept på hormonspiral, og så be pasienten reise heim med den , kjøpe spiralen på apotek og kontakte fastlegen for at fastlegen kan setja inn denne hormonspiralen. Dette er ei dårleg ordning for både pasientar, sjukehusa og fastlegen. Sjukehusa kan sjølvsagt tilby behandlinga, men som sagt vel sjukehus å ikkje tilby behandling fordi det økonomiske tapet då vil vere for stort når pasienten ikkje kan krevjast for eigenandel slik som før.