Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:434 (2018-2019)
Innlevert: 22.11.2018
Sendt: 23.11.2018
Besvart: 30.11.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Statsråden har tidlegare uttalt at Stad skipstunnel må bli billigare før det er aktuelt å starte bygginga. Kan statsråden gjera greie for om løyvinga i det nylege budsjettforliket er å rekne som ein start for prosjektet, eller om han enno meiner at storleiken på tunnelen og kostnadene ved prosjektet må ned før det kan realiserast?

Begrunnelse

Samferdselsminister Dale vart intervjua av NRK Møre og Romsdal 20. oktober 2018, og der står det:

«At det ikkje kom midlar i budsjettet for 2019, kommenterer Dale slik: – Vi ville ikkje begynne på eit prosjekt der kostnadene er langt høgare enn ramma. Difor må vi få ned kostnadene før løyvingane kan kome. Det tilseier at ein også lokalt kan begynne å jobbe med det. Til raskare ein gjer det, til raskare kan ein realisere prosjektet.
Statsråden seier arbeidet med Stad skipstunnel skal ha oppstart seinast innan 2022. Byggjetida er estimert til tre-fire år. – Det er lagt opp til at ein skal få løyving denne perioden, dersom ein greier å få kostnadskontroll på prosjektet, seier Dale.»

Mange er bekymra for at tunnelen skal nedskalerast til å ta mindre skip enn det som no er planlagt. No som budsjettforliket mellom regjeringspartia og KrF har gitt som resultat at Stad skipstunnel får ei løyving på 20 millionar kroner, er det viktig å få klarlagt om dette har endra noko i måten statsråden tenkjer på om skipstunnelen.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt for regionen og skipstrafikken langs kysten.
Prosjektet er prioritert i Nasjonal transportplan 2018-2029, og eg legg til grunn at dette prosjektet i likskap med alle andre prosjekt i NTP skal realiserast.
Den sikraste måten å syte for at prosjekt som er prioritert i NTP faktisk vert realisert er at ein klarer å halde dei kostnadsrammene som prosjekta er gjevne gjennom Stortinget si handsaming av NTP.
Prosjektet har ein storleik som gjer at det må gjennom ekstern kvalitetssikring. Rapporten om kvalitetssikringa vart levert før sommaren 2018. Kostnadsanslaget i kvalitetssikrings-rapporten er på 3,7 mrd. kroner, som er 1 mrd. høgare enn ramma på 2,7 mrd. kroner i Nasjonal transportplan 2018-2029.
Representanten viser i sitt spørsmål til intervju i NRK Møre og Romsdal 20. oktober 2018. Det eg ville få fram i dette intervjuet var at vi no må gå gjennom prosjektet for å få ned kostnadene, etter den store aukinga i kostnadsanslaget i samband med kvalitetssikringa.
I budsjettforliket for 2019 har Høgre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig folkeparti vorte einige om ei løyving på 20 mill. kronar til vidare prosjektering av Stad skiptunnel. Kystverket vil få i oppdrag å gå gjennom prosjektet og kostnadene, med sikte på å få kostnadene ned på nivået i Nasjonal transportplan. Eg legg til grunn at arbeidet vert gjennomført i 2019, i tråd med kva dei fire partia har vorte einige om med løyvinga på 20 mill. kronar i budsjettforliket.
Det er avgjerande at ein har kontroll på kostnadsutviklinga i store samferdselsprosjekt før dei vert sette i gong. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte etter at vi har mottatt den førespegla kostnads- og prosjektgjennomgangen om Stad skipstunnel frå Kystverket.