Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:437 (2018-2019)
Innlevert: 22.11.2018
Sendt: 23.11.2018
Besvart: 27.11.2018 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kvifor tillet statsråden at Widerøe forringar tilbodet til reisande frå Sogndal Lufthamn gjennom at fleire fly til Oslo går via Florø, og kva vil han gjere for å sikre at tilbodet vert betra med fleire direkteruter og betre regularitet?

Begrunnelse

Sogndal Lufthamn er eit viktig tilbod til næringsliv, offentleg sektor og private reisande i Sogn. Det har lenge vore arbeidd for fleire direkteruter, og for at morgonflyet skal stå i Sogndal over natta for å gje betre regularitet på flyruta til Oslo. I staden for å betre tenestene til dei reisande i Sogn opplever ein no at Widerøe har lagt fleire ruter via Florø. Det gir om lag dobbel reisetid og har same verknad som om reisande frå Oslo til Trondheim skulle reise via Bergen. Tal reisande går ned som følgje av dette, og ein risikerer ein negativ spiral med enno dårlegare tilbod.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Luftfarta er viktig for Noreg, og det er avgjerande at alle delar av landet har eit tilfredsstillande flyrutetilbod. For regjeringa er det viktig at Widerøe leverer dei tenestene staten betalar for gjennom ordninga med forplikting til offentleg tenesteyting (FOT).
Kontrakta for flyrutene på Vestlandet har vore gjeldande sidan 1. april 2016, og krava i kontrakta har vore fast sidan då. I kontrakta er det krav om at ingen avgangar skal ha meir enn ei mellomlanding. Ved mellomlanding skal overgangstida ikkje overstige 60 minutt. På denne måten gir ein rom for operatøren til å kombinere ruter og fylle flya, som bidreg til effektiv rutedrift, samstundes som vi sikrar at flyreisa ikkje tek unødig lang tid med store ulemper for dei reisande. Dette kravet er likt for alle FOT-rutene i Noreg, med unntak av Finnmark der det er opna for fleire mellomlandingar.
I kontrakta med Widerøe er det også strenge krav til regularitet på minimum 98,5 prosent for flyrutene som inngår i FOT-ordninga. Dersom talet på kanselleringar av grunnar operatøren kunne ha unngått ved å treffe alle rimelege tiltak overstig dette kravet, får ikkje operatøren kompensasjon for den delen av kanselleringane som overstig kravet. Dette skal gje insentiv for operatørane til å oppretthalde høg regularitet på rutene som er omfatta av FOT-ordninga. Staten krev 4,7 millionar kroner tilbakebetalt for perioden frå april 2017 til mars 2018 for dårleg regularitet, og vi vil halda fram å krevje pengar tilbake når krava til regularitet ikkje er oppfylt.
Gjennom bruk av nettokontraktar, der operatøren beheld alle inntekter, har operatøren insentiv til å optimalisere rutetilbodet for å få fleire reisande. Innafor ramma av krava som vert stilt i forpliktingane, har operatøren fleksibilitet til å gjere marknadstilpassingar i rutetilbodet. Eg rår derfor dei lokale styresmaktene i Sogn til å arbeide tett med Widerøe for å synleggjere udekte potensiale for fleire reisande som kan utløysast gjennom forbetringar i tilbodet.