Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til barne- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:444 (2018-2019)
Innlevert: 23.11.2018
Sendt: 23.11.2018
Besvart: 29.11.2018 av barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kva er argumentasjonen bak å rekne inn barseltida i tredeling av foreldrepengeordninga, og vil regjeringa revurdere dette?

Begrunnelse

Viser til vedtak om tredeling av foreldrepengeordninga, der også dei seks vekene etter fødsel, definert som barselperioden, vert medrekna i veker som skal tredelast. Barselperioden kan ikkje takast ut av fedre, men likevel er den ikkje tatt vekk frå beregningsgrunnlaget for tredeling av foreldrepermisjon. Det er faglege grunnar for at denne permisjonstida må vere til mor.

Linda Hofstad Helleland (H)

Svar

Linda Hofstad Helleland: Forslaget om å innføre ein mødrekvote som er like stor som fedrekvoten vart presentert i Prop 64 L (2011-2012), som vart lagt fram av Stoltenberg II-regjeringa. Endringsforslaga vart vedtekne, og dei tredde i kraft 1. juli 2013.
Når det gjeld innføringa av ein eigen mødrekvote, skreiv departementet mellom anna dette:

"Ettersom svært få mødre (færre enn 100 per år) tar ut mindre enn tolv uker permisjon, får innføring av en mødrekvote få praktiske konsekvenser. Innføring av mødrekvote og en ny tredelt ordning har imidlertid en viktig prinsipiell og signalmessig betydning ved at hver av foreldrene får øremerket rett til like mange uker sammen med barnet og at det blir tydeligere at foreldrene har like stor rett til den felles delen av permisjonen."

Departementet tok deretter tak i spørsmålet om ein burde halde dei seks barselvekene utanfor mors kvote:

"De første seks ukene etter fødsel er også i dag forbeholdt mor av helsemessige grunner. Man kunne tenke seg at disse seks ukene ble holdt utenom mors kvote. Departementet mener imidlertid det er et selvstendig poeng at hver av foreldrene har øremerket en like lang periode i en tredelt ordning. Mor tar i de aller fleste tilfellene ut mesteparten av permisjonen; det er derfor ikke behov for å forbeholde en større del av permisjonen for mor enn for far. Departementet foreslår på denne bakgrunn at de første seks ukene inngår i mors kvote."

Eg er samd i at det ikkje er naudsynt å halde dei seks barselvekene etter fødsel utanfor kvotane. Det er eit viktig prinsipp at foreldra er likestilte, og ein naturleg konsekvens av dette er at kvotane er like lange. Når no foreldrepengeperioden er delt i tre like delar, understrekar dette at borna treng begge foreldra. Det er heller ikkje slik at mødrer tar ut foreldrepengar i dag på ein måte som trugar helsa deira eller helsa til borna. Eg ser difor ikkje nokon grunn til å revurdere prinsippet om at barselvekene er ein del av mødrekvoten.